Ledig fastlegeheimel ved Myrvåg legesenter
Org. nr: - Stillingsident: 4329706364 Presentasjon av stillingen:
Vi ser etter deg som vil vere vår nye kollega og fastlege ved Myrvåg legesenter. Myrvåg legesenter ligg i Myrvåg i Herøy kommune og er samlokalisert med Myrvåg fysioterapi. Det er fire fastlegeheimlar ved kontoret. I tillegg har vi LIS1-lege. Legetenesta i Herøy har 11 fastlegeheimlar, fordelt på Myrvåg legesenter og Herøy legesenter. I tillegg har kommunen 100 % stilling for sjukeheimslege. Herøy kommune har gode vilkår for etablering av praksis.
Kommunen har felles legevakt kveld/helg med Sande kommune, og felles nattlegevakt med fem andre kommunar. Vaktbelastning: ca to vakter/mnd på kveld/helg og ei natt/mnd.
Felles legevakt kveld/helg med fire kommunar er under utgreiing.
Du er velkomen til å søkje på heimelen sjølv om du ikkje ønsker å gå inn i ein fast heimel, men berre kan tenke deg eit lenger vikariat.
Opplysningar om heimelen og vilkår ved overtaking av praksis:
- Listepasientar pr. des 2020/listetak: 657/660. Det vil vere mogleg å auke listetaket
- Overtaking vert å avtale mellom tidlegare heimelshavar og overtakande lege i samsvar med ASA 4310 pkt. 5.6. Heimelen har vore lyst ut ein gong tidlegare
Arbeidsoppgåver
- Fastlegeoppgåver
- Det er for tida ikkje knytt allmennlegeoppgåver til heimlane, men dette kan bli aktuelt dersom behov oppstår
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon, helst vere spesialist i allmennmedisin eller vere interessert i å ta slik spesialisering
- Vi vil legge til rette for at du kan fullføre spesialistutdanning
- Du må oppfylle vilkåra i kompetansekravforskrifta og vilkår for refusjon frå Helfo
- Du må kunne skrive godt norsk og god munnleg framstilling på norsk, svensk eller dansk
Det er krav om godkjend politiattest
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som
- likar å jobbe i kollegialt fellesskap
- ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- er opptatt av fagleg utvikling
- er fleksibel
Vi tilbyr
- Godt kollegialt fellesskap med engasjerte fastlegar
- Gode og funksjonelle lokale
- Stabilt hjelpepersonell med lang erfaring
- Vi vil legge til rette for fagleg utvikling
Gunstige fastlegeavtalar der kommunen driftar legesenteret og leiger det ut til legane. For dette betaler legane basistilskot kr. 3000/mnd i leige.
Fast løn kan vurderast.
Tilsetjing etter gjeldande reglement, lov og avtaleverk. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Runa Bakke, Avdelingsleiar, 91621147
Arbeidsstad
Eggesbøvegen 11
6092 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4329706364
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.01.2021
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Saman med kommunane Ulstein, Hareid, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda utgjer vi 50.000 innbyggjarar. Arbeidsmarknaden er stor og variert, der dei maritime næringane har lange tradisjonar. Regionen har også anna industri og offentlege arbeidsplassar som sjukehus og høgskular. Herøy kommune er særleg kjend for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Med kort veg til fjell og fjøre, gjev dette eit naturleg grunnlag for aktivitetar både på sjø og land. Vi har eit breitt kultur-, fritid- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!