Undervisningsstillingar
Org.nr.:864 338 712 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kort om stillinga:
Det er 4 kommunale barneskular og 1 ungdomsskule. Det kan verte ledige stillingar ved alle skulane våre i alt frå deltid til 100%.
Skulane har gjennom fleire år fokusert på profesjonelle læringsmiljø og framtidskompetanse.
Informasjon om søknad
Du kan prioritera ein skule ved å klikke på namnet til skulen når du skal søkje. Vidare i søknaden vil du få høve til å huka av for fleire skular dersom det er meir enn ein skule som er aktuell for deg.
Arbeidsoppgåver:
Planlegge og leie arbeidet med elevane si læring, individuelt og i lærande team
Sørge for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane.
Vere aktiv bidragsytar i skuleutvikling.
Kan bli tillagt kontaktlæraransvar.
Kompetanse:
Godkjent utdanning i samsvar med krava i opplæringslova m/forskrifter.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer oss engasjerte, tydelege og fagleg dyktige pedagogar med samarbeidsevne og endringsvilje som vil vere med på laget vårt.
Vi søkjer pedagogar som
-
medverkar til gode læringsmiljø
-
er framtidsretta i elevsyn og læringsarbeid
-
er tydelege læringsleiarar som byggjer gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
-
baserer praksis på læreplan og forsking og er lojal til satsinga i Osterøyskulen
Annan informasjon:
Søkjarlister er offentlege.
Søknader skal registrerast elektronisk på websida vår.
Vitnemål og attestar som ikkje er lasta opp elektronisk, vil ikkje bli returnert.
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Krav om politiattest j.f.opplæringslova § 10-9.
For meir informasjon om den einskilde skulen, ta gjerne kontakt med rektor:
Fotlandsvåg skule - 61 elevar. Rektor Kjell Haugland, tlf. 56 19 23 55.
Haus skule - 128 elevar. Rektor Tove Ludvigsen, tlf. 56 19 24 62.
Lonevåg skule - 213 elevar. Vidar Rosnes, tlf 56 19 26 20.
Valestrand skule - 180 elevar. Rektor Britt Rød, tlf. 56 19 27 62.
Osterøy ungdomsskule - 240 elevar. Rektor Tor Arne Aasen, tlf. 56 19 26 80.
Osterøy integrerings- og læringssenter. Rektor Linda Svidal Nordås, tlf 56 19 27 58. Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna