Er du vår nye rektor på Klepp ungdomsskule? 19/1919
Stillingsannonsen er inaktiv.Klepp Ungdomsskule
Stasjonsvegen 26 B, 4352 Kleppe
Vil du vera med å skape framtidas skule? Vi søker noe ein dyktig leiar som ønsker å vera med på den vidare utviklinga av Klepp ungdomsskule. Kommunen og skulen er ein del av Jærskulen. Dette gir oss god fagleg utvikling og eit solid nettverk, på tvers av kommunane på Jæren.
Satsingar dette skuleåret er tidleg innsats, vurdering og læringsmiljø. Læringsbrett er sentralt, og alle elevar og tilsette har læringsbrett. Frå skuleåret 2021/22 vil nokre elevar bli ein del av Vardheia ungdomsskule som er eit samarbeid mellom Time og Klepp kommune.
Kvalifikasjonar
- relevant pedagogisk utdanning og leiarerfaring
- erfaring frå pedagogisk utviklingsarbeid og skuleutvikling
- gjennomført rektorskulen eller tilsvarnade leiarutdanning
- personlege eigenskapar vert vektlagt
Arbeidsoppgåver
- leia og motivera tilsette i profesjonelle lærende fellesskap
- målretta samarbeid for god trivsel og auka læringsutbytte til elevane
- leia skuleutvikling
- skapa godt samspill med elevar, foreldre og nærmiljø
- driva økonomistyring og resultatkontroll
Eigenskapar
- involvering gjennom profesjonelle lærende fellesskap og har gjennomføringsevne
- tydeleg og synleg som rektor og motiverer til felles innsats for læring og utvikling i alle ledd
- god til å kommunisera, leggja til rette for samarbeid og skape gode relasjoner på alle nivå
- opptatt av dialog og har ein verdsettande måte å leia tilsette på
- fleksibel og har godt humør
Vi tilbyr
- spanande og utfordrande jobb
- rettleiing for nye rektorar
- tett samspel med andre skuleleiarar i kommunen og Jærskulen
For meir informasjon, ta kontakt med skulesjef Jan Harald Forsmo mob 469 44 273
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Klepp Ungdomsskule
Adresse
Stasjonsvegen 26B, 4350 Kleppe
Hjemmeside
Klepp ungdomsskule er ein ungdomsskule i Klepp kommune på Jæren. Den har i overkant 430 elevar og mest 60 tilsette.
Skulen ligg på Kleppe og får elevar frå fire barneskular: Kleppe skule, Horpestad skule, Tu skule (Kåsen) og Engelsvoll skule (Klepp stasjon).
Skulebygget stod ferdig i 2005, vi er plassert rett ved Klepphallen. Vi brukar Klepphallen til gym og symjing.
Vår visjon: Bli den beste du kan bli!
Våre kjerneverdiar: Trygg - Engasjert - Tydeleg
Skulen har sidan 2011 arbeidd etter Respektprogrammet - som er eit program for trygt skulemiljø og klasseleiing. Vi er oppteken av relasjonar, trygt og godt læringsmiljø og tydelege grenser. Skulen har delteke i satsinga Ungdomstrinn i utvikling, og er ein del av Jærskulen og Jærnettverket.
Storsamlingane er viktige treffpunkt for skulen: 2-3 gonger i semesteret samlast alle vaksne og elevar (rundt 450 til saman) i vår felles aula, Krossen, og allsang er ein viktig del av slike samlingar.
Om stillingen
Stillingstittel
Rektor
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 19. desember 2019
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 54f98af4-7f13-4447-b4b8-2708f85346de
Stillingsnummer: 54f98af4-7f13-4447-b4b8-2708f85346de