Undervisningsinspektør / Lærar
Vi søkjer etter undervisningsinspektør / lærar ved Vikse skule - 100 % fast
Vikse skule ligg om lag 14 km frå Haugesund sentrum. Skulen har omlag 135 elevar fordelt på 7 klassar frå 1. - 7. trinn. Stillinga vil innehalde 40 % administrasjon og leiaroppgåver. Resten av stillinga vil vere knytt til undervisning og anna elevretta arbeid. Med seg på laget får ein 18 gode og motiverte medarbeidarar som saman med resten av Sveio-skulane arbeider med satsingsområda i Sveio kommune sin kvalitetsutviklingsplan. Fokus no er inkluderande skulemiljø, gode overgangar og periodeplanar som knyter fag og prinsipp for opplæringa saman. Som undervisningsinspektør på Vikse skule er ein del av den kommunale leiargruppa.
Arbeidsoppgåver
Undervisningsinspektør er ein fagleg og pedagogisk ressursperson i skule og SFO, og skal sikre god kvalitet i opplæringa;
- Undervisning i ulike fag på heile barnesteget
- har saman med einingsleiar den daglege kontakt med personalet
- bidrar til godt samarbeid mellom lærarar, elevar og føresette
- bidrar til utvikling av lærings- og profesjonsfellesskapet på Vikse skule
- har det daglege ansvaret for timeplanar og løysingar ved fråvær
- utfører deler av dei merkantile arbeidsoppgåvene ved skulen
Kvalifikasjonar
- Har godkjend pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse for barneskulen
- Erfaring med merkantilt arbeid og økonomi er ein fordel
- Erfaring og kompetanse i høve til psykososialt arbeid er ein fordel.
- Har eller er villig til å ta leiarutdanning
- God Ikt kompetanse
Personlege eigenskapar
Vi søkjer undervisningsinspektør / lærar som:
- kan forvalta skulen sine ressursar på ein måte som sikrar godt læringsutbyte for elevane
- er utviklingsorientert og kan nytta kunnskap om skuleforsking
- kan samarbeide og har gode leiareigenskapar
- er god til å byggja relasjonar og kommuniserer godt med medarbeidarane, elevane og foreldra
- får folk rundt deg til å trivst og arbeide godt
- er reflektert og kan sjå saker frå ulike perspektiv
- kan gje og ta imot rettleiing
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Ein skule som er utviklingsorientert og som har eit godt og støttande arbeidsmiljø
- Leiarsamlingar der fagleg utvikling, leiarskap, erfaringsdeling og samarbeid er i fokus
- Eit godt kollegafellesskap som er prega av profesjonalitet, samhald og openheit
- Offentleg pensjonsordning
- Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Godkjent politiattest må leggjast fram før ein tek til i stillinga.
Kontaktinformasjon
Ronny Valdersnes, Einingsleiar Vikse skule, 53 74 83 70Arbeidsstad
Gullvegen 2135550 Sveio
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sveio kommuneReferansenr.: 4613673224
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.02.2023