Miljøterapeut - avlastningsbustad born og unge
Org. nr: - Stillingsident: 4216382509 Presentasjon av stillingen:
Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best mogleg funksjons- el. meistringsnivå. Avlastningsbustad for born og unge er ei av tenestene i eining for habilitering/ rehabilitering. Tenesta gir avlastning til familiar som pga tyngande omsorgsoppgåver har behov for avlastning i bustad og syter for tilrettelagt SFO i samarbeid med oppvekstetaten.
Det er ledig 2 x 50% fast stilling som miljøterapeut frå 03.08.2020.
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus, for tida turnus utan helg.
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsettmå framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Etablere og vedlikehalde gode relasjonar
- Etablere og vedlikehalde gode rutinar for miljøterapeutisk arbeid
- Koordinator og/eller medlem i individuell plan
- Ha ansvar for å koordinere tilbodet til brukar i ein kombinasjon mellom tilrettelagt SFO og avlastning evt berre avlastning.
- Ha eit medansvar i fagleiar sitt fråver
- Vere deltakar i å fremme eit godt, trygt og forutsigbart arbeidsmiljø
Fagsystema som blir nytte er Profil, Compilo og SamPro
Kvalifikasjonar
- Helse og/ eller sosialfagleg utdanning eller pedagogisk utdanning på bachelornivå
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav.
- Gjerne erfaring frå arbeid med born og unge og HOTL kap. 9
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt. Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver i nyoppretta tverrfagleg teneste
- Tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Bodil Lie, Fagleiar, 46411103
Lill Gullbekkhei, Einingsleiar, (+47) 46411059
Arbeidsstad
Øyna 13
6200 Stranda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stranda kommune
Referansenr.:4216382509
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 03.08.2020
Søknadsfrist: 13.04.2020
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir