Helsesekretær/sekretær
Org. nr: - Stillingsident: 4391139079 Presentasjon av stillingen:
Avdeling for patologi, Helse Møre og Romsdal dekkjer behovet for patologisk diagnostikk for heile Møre og Romsdal fylke. Vi mottek prøver frå spesialisthelsetenesta og primærhelseenesta. Vi er lokalisert ved Ålesund sjukehus og det er ca. 30 tilsette i avdelinga. Helsesekretær/sekretær arbeider i nær kontakt med legar og bioingeniørar i avdelinga, og har ei viktig rolle i utgiving av prøvesvar. Avdelinga har åpningstid frå 08.00-15.30.
Avdeling for patologi, HMR har ledig 100 % stilling for helsesekretær/sekretær. Oppstartdato etter avtale, men seinast 01.09.2021.
VI ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp som tillegg til CV
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet består i hovudsak av skriving etter diktat, men også andre kontorfaglege oppgåver som post- og telefonhandtering m.m.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsesekretær, eller anna relevant utdanning og/eller erfaring
Personlege eigenskapar
- Du må mestre norsk skriftleg på ein god måte, då skriving etter diktat utgjer ein stor del av arbeidet
- Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagd ved tilsetting
- Stillinga krev at ein har evne til å arbeide nøyaktig
- Du må vere serviceinnstilt, fleksibel og utadvendt.
- Du må ha gode evner til samarbeid, men samstundes kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariff
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode pensjon- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass i ei inkluderande arbeidslivbedrift.
Kontaktinformasjon
Hilde Guttormsen, Seksjonsleiar, 70 10 66 37
Arbeidsstad
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4391139079
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.05.2021
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal