Dyktig sesongkokk på Store Ringheim Hotell
Store Ringheim Hotell og Restaurant omfattar Hotell Store Ringheim med 15 rom og restaurant Flor`n med 38 sitjeplassar pluss uteservering. Det er også to rom til bankettservering hhv 80 og 30 sitjeplassar.
Store Ringheim, www.storeringheim.no ligg på Voss, 1km frå sentrum me nydeleg utsikt over dalen. Hotellet baserer seg på gjester som betalar i øvre prisklasse og ynskjer kvalitet i alle ledd. Både hotellet og restauranten ligg i ombygde gardshus i eit pittoresk og romantisk gardstun.
Restauranten har eit ry for å ha eit godt kjøkken. Me baserer kompromisslaust alle menyar på kortreiste og ureiste råvarer der me tek inn heile eller grovparterte dyr og fisk og skjer ned og utnyttar alt i maten frå indrefilet til bein (kraft). Me dyrkar ein del bær og urter sjølve, me haustar sopp, bær, urter og anna frå naturen og kjøper inn ein god del lokale produkt.
Me treng ein kokk for sesongen mai til slutten av september, ein som vil kjenna seg heime i denne tilnærminga til matlaging, som har gode basiskunnskapar og rett innstilling, som kan arbeida strukturert med høg arbeidsmoral.
Me kan tilby 3-4 svært lærerike månadar, grei løn, ei kjekk bygd å bu i og gode kollegaer
Er du ein kokk som vil ha interessante og lærerike dagar på jobb? Send søknad til oss på svein@storeringheim.no eller ring på 004790869340
Om bedriften
Store Ringheim Hotell og Restaurant AS omfattar Store Ringheim Hotell og Restaurant Flor`n og bankettsalar. Kapasitet er 15 hotellrom og 38 stolar pluss uteplass.
Anlegget ligg på Voss, ca ein km frå Voss sentrum og med svært gode kommunikasjonar til Bergen og Oslo.
Voss er ei bygd med 15000 innbyggjarar der ca 10000 bur i sentrumsområdet. Voss er eit mekka for alle slags aktivitetar innan utandørsliv, kultur og musikk så her vil alle kunna finna noko å trivast med