Er du vår nye kvilande nattevakt?
Blombakkane bustad søkjer nye medarbeidarar i 70 % fast stilling
Blombakkane bustad er ei heildøgns bustad for ni utviklingshemma i alder frå 35 til 70 år. Dei som bur her, får og tilbod om dagaktivitet i same bustad. Kvilande nattevakt med arbeid kvar tredje helg.
Hovudoppgåver
- Tilsyn, oppfølging og praktiske oppgåver på kveld og morgon
- Vere tilgjengeleg ved behov på natt
Løns- og arbeidsvilkår
Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Anna
Stillingane består av 1 time aktiv teneste på kveld, og 2 timar aktiv teneste på morgon. 6 timar kvilande natt som er avlønna med 1/3 timeløn. Stillingsprosent er 70 %, avlønningsprosent er omlag 35 %.
Vi tilbyr
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Mentorordning
- Treningsavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fadderordning
- Bedriftshelseteneste
Generell informasjon
Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.
Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.
Om tilsetjingsvilkår og søknad
Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via linken <<SØK HER>>.
Pålogging og førhandsutfylling
Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.
Elektronisk søknad finn du på høgre side i annonsen.
Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.
Søknadsfrist
11.03.2019
Om bedriften
Fjell er ein kommune i sterk utvikling og det er no framtida vert skapt. Det nye bymiljøet veks fram, med kystkulturen som ein naturleg del. Dette gjer kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein spennande arena for næringslivet. Vi treng fleire engasjerte medarbeidarar som er opptekne av forbetring, fellesskap og fagkompetanse.