Lærarar til grunnskulen
Org. nr: 864 967 272 Stillingsident: 4337164876 Presentasjon av stillingen:
Vil du bli lærar i Sveio?
Det er venta å bli ledig lærarstillingar i grunnskulen i Sveio frå 1.8.2021. Forankra i fagfornyinga vil inkluderande skulemiljø og grunnleggjande dugleikar ha sterkt fokus i arbeidet ved skulane. Kommunen har dei siste åra vore med i fleire nasjonale satsingar knytt til satsingsområda. Vi har fokus på det tverrfaglege arbeidet rundt barn, unge og føresette i vårt arbeid. Skulane i Sveio skal vera ein arena for tidleg innsats og inkluderande læringsmiljø.
Sveio kommune har fire barneskular og ein kombinert skule. Informasjon om skulane er å finna på heimesidene til kommunen. Ta gjerne direkte kontakt med den einskilde rektor for ytterlegare informasjon.
Din søknad vil gjelda generelt for alle skulane, men du kan i søknadtekst legge inn ønskje om kva skule du føretrekkjer.
Arbeidsoppgåver
- Skape inkluderande læringsmiljø
- Implementera fagfornying som bidreg til elevens læring og utvikling
- Utvikla den digitale kompetansen til elevane og arbeidsplassen
- Sikra tidleg innsats for å fanga opp utanforskap og mangel på meistring
Kvalifikasjonar
-
Godkjend lærarutdanning, ref opplæringslov
-
Fordjuping i norsk, matematikk eller engelsk er ønskjeleg
-
Spesialpedagogikk med hovudvekt på psykososiale vanskar kan bli prioritert
-
Gyldig potitiattest må leggast fram
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:
- Du er fagleg engasjert
- Du har evne til sjølvstendig arbeid, samt samarbeid med kollega
- Du har gode føresetnader for og ønskje om å arbeida som kontaktlærar
- Du har god evne til relasjonsbygging og klasseleiing
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Camilla Tverfjell, Konst. Rektor Auklandshamn skule, 53 74 83 60
Solveig Røynstrand, Rektor Førde skule, 53 74 83 30
Ben Jerry Ellingsen, Rektor Sveio skule, 53 74 83 00
Arve Myklebust, Rektor Valestrand oppvekstsenter, 53 74 83 80
Solveig Skattkjær, Rektor Vikse skule, 53 74 83 70
Arbeidsstad
Sveiogata 70
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4337164876
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.