Einingsleiar helse 100 %
Stillingsannonsen er inaktiv.ETNE KOMMUNE
Etne Tinghus
Etne kommune søkjer ny einingsleiar for eining helse, då tidlegare einingsleiar har gått over i ny stilling som kommunalsjef for helse og omsorg i kommunen. Stillinga har overordna ansvar for eininga, og er ein del av leiargruppa til kommunalsjef for helse og omsorg.
Arbeidsoppgåver
-Overordna administrativ og fagleg leiing av eininga
-Overordna personalansvar for ca 20 årsverk og direkte personalansvar for ca 20 årsverk.
-Arbeidområde omfattar legetenester, fysio-og ergoterapi, jordmor-og helsestasjonsarbeid, psykisk helse og rus tenester, tenester til personar med nedsett funksjonsevne som t.d heildøgnstenester, støttekontakt og avlastning.
-Ansvar for helse, miljø og tryggleik i eininga
-Følgje opp økonomi( budsjett ca 46 mill), styring og rapportering innanfor vedtekne rammer
-Oppfølgjing av vedtekne planar som ligg til eininga
-Samordning og effektivisering av dei ulike tenestene
-Samhandling med andre einingar
kompetanse:
-Krav om helsefagleg utdanning frå universitet eller høgskule
-Ønskeleg med vidareutdanning innan leiing og/eller økonomi
-Krav om leiarerfaring som einingsleiar med økonomi og personalansvar frå helsesektoren
-Det er ønskeleg med erfaring innanfor områder som saksbehandling, ressursstyring, lov og avtaleverk,
turnus og arbeidstidsordningar, fråvær og nærvær, HMS, internkontroll og kvalitetssikring
-Krav om gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, tenestemålet i Etne er nynorsk
-Krav om førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
-Vi søkjer ein tydeleg leiar med ein inkluderande leiarstil
-Du må ha gode kommunikasjonsevner og god relasjonskompetanse
-Du må vera sjølvstendig, ha høg arbeidskapasitet med initiativ og evne til gjennomføring
-Du må kunne tenkja heilskapleg, strategisk og langsiktig
Annan informasjon
-Ei sentral rolle for deg som vil vera med å påverka og utvikla lokalsamfunnet
-Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
-Gode sjansar for fagleg og personleg utvikling
- Ein inkluderande arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø
-Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
Vi ber om at søknad vert sendt elektronisk, sjå annonse på www.etne.kommune.no/ledigstilling
Me ber og om at de opplysar om minimum 2 referansar av nyare dato.
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
ETNE KOMMUNE
Adresse
Sjoarvegen 2, 5590 Etne
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 15. august 2020
Hentet fra: Etne kommune
Referanse: rekrutering.etne.kommune.no/recruitment/opening?0?851/BEAH-2020
Stillingsnummer: 540bfe8b-d963-4a51-987c-9a81e222de2d