IKT/Digitaliserings rådgjevar, 100% fast
IKT avdelingane i Etne og Vindafjord kommune blei frå 1. januar 2015 slått saman til ei felles avdeling med hovudkontor i Etne.
Etne og Vindafjord kommune har til saman om lag 1200 tilsette og 1700 elevar. IKT-avdelinga består av 8 tilsette + lærling.
I tillegg til ordinær IKT drift og support er digitalisering og informasjonssikkerhet svært sentralt for kommunane. Derfor ønsker me nå å tilsette ein person med fokus på desse områda i tillegg til ordinære drift og support oppgaver.
Arbeidsoppgåver
- Prosjektleiing
- Informasjonssikkerhet
- "Digitaliseringsarbeid"
- Oppfølging av/ansvar for 1. linje support
- Support og driftsoppgaver
- Kan vera aktuelt å inngå i rulerande 24/7 vaktordning
Ønska kompetanse:
- God forståelse for IKT, men ikkje nøvdendigvis viktigast med djuptgåande teknisk kompetanse
- Ønskeleg med utdanning frå høgskule, relevant erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse
Personlege eigenskapar
Du må:
- vere kreativ, løysingsorientert og sjølvstendig
- like å arbeida med menneske
- ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- kunna opptre på ein tydeleg og positiv måte
- kunne arbeide godt i team men også sjølvstendig når det trengs
- snakke flytande norsk men også beherske engelsk
Me tilbyr:
Etne kommune er ei IA bedrift
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Fleksitidsordning
Anna:
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservara seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.
Om bedriften
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Administrasjonen er organisert etter tonivåmodellen, med 10 resultateiningar i tillegg til stabs-, støtte- og rådgjevarfunksjonar. Kommunen har ca 270 årsverk/440 tilsette. Tenestemålet er nynorsk.