Ledige undervisningsstillinger
Frå 01.08.2019 har vi ledig inntil 5 undervisningsstillingar, fast/årsvikariat.
Me søkjer lærarar med grunnskulelærarutdanning. Det er avgjerande at du kan undervise i mange fag og på fleire trinn. Me ønskjer oss lærande lærarar med
- fagleg oppdatert kompetanse
- andrespråkspedagogikk og/eller spesialpedagogikk
- erfaring med å jobbe i team i forhold til krava i Kunnskapsløftet.
Me treng spesielt å dekke kompetansekrava i følgjande fag:
Småtrinnet: Byrjaropplæring i norsk og matematikk, engelsk, kunst og handverk og uteskule
Mellomsteget og ungdomssteget: Norsk, matematikk, engelsk, spansk, naturfag, kunst/handverk og kroppsøving med symjing.
Me søkjer deg som er stabil og har god evne til klasseleiing. Du har kjennskap til arbeid med psykososialt miljø og kan vise til gode resultat. Det er eit krav at du snakkar og skriv godt norsk. Fedje er ein nynorskkommune, og alt skriftleg skal vere på nynorsk. Du må leggje fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Tilsetjinga skjer etter gjeldande lov og avtaleverk.
Interne søkjarar med eventuell fortrinnsrett vil verte vurdert først.
For nærare opplysningar: Rektor Linda Husa, tlf. 56 16 51 21 eller linda.husa@fedje.kommune.no
Søknadsfrist: 7.mars 2019
Send søknad med CV og minst 2 referansar til
Fedje kommune, Stormarkvegen 49,5947 Fedje eller postmottak@fedje.kommune.no
Sjå filmen om Fedje
Om bedriften
Fedje - Noregs vestlegaste kommune er liten, men god å bu og leva i. Her er ca 600 innbyggjarar, og avstandane i øykommunen er små. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1,5 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv både på sjø og land. Om sommaren har me "sørlandsidyll" og om vinteren ruskevêr.
Fedje skule er ein fådelt 1- 10 skule med ca. 70 elevar og ca.13 undervisningsstillingar. Skulen har eige symjebasseng, god dekning på elev-PCar, smarttavler i nesten alle klasserom og nyrenovert naturfagssal. Me har ein skule som har gode læringsresultat, eit godt elevmiljø, høgt fagleg nivå i lærarkollegiet og små klassar i eit positivt lokalmiljø. Har du lyst til å bidra?
Fedje kommune kan tilby hjelp til å finne bustad, eit godt oppvekstmiljø, gratis tilgang til symjehall og svært god tenestepensjonsordning (SPK).