Rådgivar/seniorrådgivar – samfunnstryggleik
Ved Seksjon for Samordning har DSB ei fast stilling ledig for deg som ønskjer å bidra i arbeidet med samfunnstryggleik og eit risikobilete som er i stadig endring. Du blir del av eit spennande fagleg fellesskap som jobbar med eit breitt spekter av oppgåver innanfor førebygging, beredskap, krisehandtering, evaluering og læring. Vi ser etter deg som er engasjert, kunnskapsrik og kan vere med på å vidareutvikle arbeidet med samfunnstryggleik lokalt og regionalt.
Du skal
- jobbe med komplekse problemstillingar innanfor samfunnstryggleik, med særleg vekt på førebygging og beredskap lokalt og regionalt
- bidra med strukturering og utvikling av kunnskapsgrunnlag knytt til førebygging av hendingar, mellom anna i lys av klimaendringar
- følgje opp arbeidet med samfunnstryggleik hos ulike målgrupper, både internt og eksternt
- vere ein ressurs i krisehandteringsoppgåvene til avdelinga etter behov
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant mastergrad innanfor naturvitskap, samfunnsvitskap, jus eller liknande. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av NOKUT
- særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk
Vi ønskjer at du har
- erfaring frå offentleg forvalting, gjerne innanfor arbeid med samfunnstryggleik i kommune, statsforvalting eller direktorat
- utdanning/kurs innanfor samfunnstryggleik og/eller samfunnsplanlegging (i samsvar med plan- og bygningslova)
- erfaring frå arbeid med samfunnstryggleik, gjerne knytt til klimarisiko og naturfare
Personlege eigenskapar
- sjølvstendig
- analytisk
- utviklingsorientert
- i stand til å samarbeide og drive relasjonsbygging
- fleksibel
Vår nye medarbeidar får:
- spennande og varierte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- høve til å påverke og vidareutvikle eige arbeidsfelt og eigne oppgåver
- gode kollegaer og eit dynamisk arbeidsmiljø prega av høgt tempo
- fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
- gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- årsløn frå kr 526 100 til 604 400 (lønstrinn 57–65) som rådgivar (stillingskode 1434), eller årsløn kr 604 400 til 689 100 (lønstrinn 65–72) som seniorrådgivar (stillingskode 1364). Av løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse
Om avdelinga og seksjonen
Avdelinga for samordning og beredskap (SBE) skal støtte opp under samordningsansvaret som Justis- og beredskapsdepartementet (JD) har innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Dette inneber m.a. å ha oversikt over risiko- og sårbarheitsutviklinga i samfunnet, og å byggje robuste samfunn i samarbeid med ulike samfunnsaktørar. Avdelinga har 41 medarbeidarar fordelte på dei to seksjonane Samordning, og Beredskap og øvingar.
Seksjonen for samordning består av 19 medarbeidarar som jobbar med ulike tema og målgrupper, både enkeltvis og i team. Seksjonen skal bidra til auka kunnskap om risiko, sårbarheiter og innbyrdes avhengigheiter mellom kritiske samfunnsfunksjonar på alle forvaltingsnivå. Seksjonen rettleiar statsforvaltarar og kommunar i å vareta samfunnstryggleik i samfunnsplanlegginga, koordinerer arbeidet med klimatilpassing og samfunnstryggleik på tvers av sektorar, og har systemansvar for den kommunale beredskapsplikta. Dette er sentrale arbeidsområde for stillinga.
Seksjonen jobbar også med statuskartlegging og utfordringar på samfunnstryggleiksområdet, mellom anna gjennom analysar av krisescenario (AKS) og rammeverk for kritiske samfunnsfunksjonar (KIKS), og vidareutvikling av totalforsvaret. På vegner av JD har seksjonen i tillegg ansvar for å føre tilsyn med at samfunnstryggleiksarbeidet til departementa skjer i samsvar med samfunnstryggleiksinstruksen. Samordningsseksjonen har som overordna mål å støtte opp under samordningsansvaret som JD har innanfor samfunnstryggleik- og beredskap. Dette inneber mellom anna å bidra til embetsstyringa av statsforvaltarane på samfunnstryggleiksområdet, ha oversikt over og følgje opp arbeidet med samfunnstryggleik lokalt, regionalt og sentralt, og leggje til rette for samarbeid mellom styresmakter på alle forvaltingsnivå innanfor samfunnstryggleik og beredskap.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i
samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg
utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode
lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB
er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte
kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at
også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett
funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er fleksible og tilrettelegg for mobilt kontor når det er hensiktsmessig.
Offentleg søkjarliste:
Det vil bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentlegheitslova §25.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Aalstad, seksjonssjef, 33 41 25 00Arbeidssted
Rambergveien 93115 Tønsberg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)Referansenr.:4518323033
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.08.2022