Undervisningsstillingar i grunnskulane i Gloppen kommune 2020/2021
Org. nr: - Stillingsident: 4196984258 Presentasjon av stillingen:
Gloppen kommune har tre barneskular, ein 1-10-skule og ein ungdomsskule i tillegg til eit opplæringssenter. Administrasjonsmålet er nynorsk. Gloppen skal i åra framover jobbe med Inkluderande barnehage- og skulemiljø gjennom Udir si satsing. Kommunen har god barnehagedekning og er ein av dei fremste kulturkommunane i landet. Kommunen driv mellom anna kultur og idrettshuset Trivselshagen saman med fylkeskommunen. Det er låg arbeidsløyse i kommunen og både næringsliv og kommunen har trong for kompetente medarbeidarar på nær sagt alle kompetansenivå. Besøk kommunen si nettside for informasjon om kommunen og skulane.
Vi har fleire ledige stillingar og det vil truleg kome fleire stillingar fram mot skulestart. Det er både faste stillingar og vikariat. Søkjarar vert oppmoda om å prioritere arbeidsstad i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Aktuelle arbeidsstadar:
- Hyen skule : 1-10 skule med kring 55 elevar.
- Gloppen opplærinssenter : Vaksenopplæring.
- Breim skule : 1-7 skule med kring 110 elevar. Skulen er PALS-skule.
- Sandane skule : Fulldelt 1-7 skule med to paralellar og omlag 255 elevar.
- Gloppen ungdomsskule : Ungdomsskule med tre paralellar og rundt 230 elevar.
- Nordstranda skule : 1-7 skule med omlag 105 elevar. Skulen er PALS-skule.
Vikarar: Alle skulane søkjer etter vikarlærarar som kan stille på snarast. Ta kontakt med rektorane i tillegg til å sende inn søknad på stilling.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer lærarar som har:
- godkjent pedagogisk utdanning for arbeid som grunnskulelærar 1-7 eller 5-10 eller faglærarar. For fast tilsetjing er det krav om formell kompetanse etter ny forskrift.
- fleire basisfag (norsk, engelsk, matematikk) og spesialpedagogikk.
- digital kompetanse.
- god kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål.
- gode personlege eigenskapar som samarbeidsevne, relasjonskompetanse, systematikk, inkluderande klasseleiing og bidrag til eit godt arbeidsmiljø.
- menn vert særleg oppmoda om å søkje.
Vi tilbyr
- Variert arbeid i positivt miljø i skular med høg fagleg standard.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
- Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Med atterhald om interne søkjarar og overtal i kommunen.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Laila Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 418 03 716
Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, 913 31 262
Marianne Kårstad Raad, Rektor Breim skule, 909 21 368
Elisabeth Sunde Andenes, Rektor Nordstranda skule, 958 69 279
Vigdis Henden, Rektor Hyen skule og barnehage, 458 73 989
Sonja Jordanger Loen, Rektor Gloppen opplærinssenter, 990 85 505
Arbeidsstad
6823
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Gloppen kommune
Referansenr.:4196984258
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2020
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 -- 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikkommune.