ID 1966 Lærar - Nordbygdo ungdomsskule
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
Stord
Nordbygdo ungdomsskule har 220 elevar fordelt på 8-10.trinn.
Sjå elles info på skulen si heimeside: Nordbygdo ungdomsskule - Stord kommune
Det er ledig 100% vikariat som lærar frå snarast og ut skuleåret 22/23.
Arbeids- og ansvarsområde:
Planlegging og gjennomføring av undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer, kontaktlæraransvar, delta i utviklingsarbeid i tråd med skulen og kommunen sine planar.
Kvalifikasjonskrav:
- Godkjent lærarutdanning
- Ynskje med noko av dette i fagkrinsen: matematikk, kroppsøving, naturfag, spes.ped.
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Spanande arbeidsoppgåver i eit utviklande fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.
Om stillingen
Stillingstittel
Lærar
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 30. januar 2023
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 538a809f-b0ae-4b2f-a55a-9cce17ff5be0
Stillingsnummer: 538a809f-b0ae-4b2f-a55a-9cce17ff5be0