ID 1854 Fagarbeidar - Eining for tekniske tenester
Eining for tekniske tenester har ansvar for drift og vedlikehald av alle kommunale bygg og eigedomar i Stord kommune.
Ved Eining for tekniske tenester er det ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar med relevant fagbrev og/eller lang praksis innan fagområdet byggdrifter, elektrikar automatikar e.l.
Sentrale oppgåver:
- Stillinga omfattar dagleg drift og vedlikehald av Nysæter Ungdomskule med fleirbrukshall, basseng og bibliotek, samt tilsyn med Sagvåg skule.
- Ved behov kan det verta aktuelt å delta i anna arbeid ved eininga.
- Det kan bli høve til å inngå i vakt ordninga på alle bygga eininga har ansvar for.
Personen me er ute etter har fyljande kvalifikasjonar:
- Fagbrev innan nemnde fagområde
- Førarkort kl. B
- Lang relevant praksis kan kompensere for manglande utdanning
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode norsk kunnskapar
- Erfaring med bruk av dataverktøy
- Initiativrik og sjølvstendig
- Erfaring frå drift av bygg og basseng
Me kan tilby:
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.
- God pensjons- og forsikringsordning
- Ein spanande jobb med faglege utfordringar
- Samarbeid med mange kompetente og engasjerte medarbeidarar i ein aktiv
- organisasjon med eit uformelt arbeidsmiljø
- Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal og hytta ved sjøen
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar om stillinga hos avd . leiar Leif Rune Gravdal . tlf . 97552020 eller einingsleiar Arne Bjelland . tlf . 97552037 .
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.