M-21 Helsefagarbeider 25% Fast helg v/ Stølsberg Butiltak
Vi søkjer
Antall stillingar: 1
Stillingsprosent: 25%
Tilsettingsform: Fast med arbeid f.t kvar 4 helg.
Tiltreding:15.08.2019
Beskrivelse av avdeling
Tilsetting skjer med Tysvær kommune som arbeidsgivar, men stillinga er for tida plassert i Stølsberg Butiltak.
I Tysvær kommune er tenester til personar med funksjonshemming organisert i eigen eining - Seksjon Butiltak.
Seksjonen yter i hovudsak tenester til personar med utviklingshemming. Nokre av tenestemottakarane bur i bustader
med heildøgns bemanning. Seksjonen har i dag 4 avdelingar som også inkluderer ei avlastningseining.
Med nytt kommunedekkande dagsenter på plass i 2020,
skal kommunen vidareføre og vidareutvikle gode tenester for brukargruppa og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Målretta miljøarbeid er vår felles faglege tilnærming, men vi vil utvide dette rammeverket med
Positiv Atferdsstøtte (PAS). Vi skal ha kvalitet i fokus og jobbe systematisk for å heve kompetansen hos våre leiarar og
våre medarbeidarar gjennom interne og eksterne kurs og opplæringstiltak, samt å leggje til rette for relevant
vidareutdanning.
Arbeidstida er organisert i turnus. I dag er det ulike turnusordningar i seksjonen - fleire av desse er såkalla alternative arbeidstidsordningar med langvakter kvar 4. helg
Seksjonen gir tenester i form av "personlig assistanse" etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd nr. 6
bokstav b. For mange av brukarane omfattar tenestene også "helsehjelp i heimen". Vi treng ditt bidrag for å realisere
kommunen sine visjonar, mål og planer, og for å sikre fagleg forsvarlege tenester og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Individuell tenesteyting i eigen bustad og i ulike aktivitetar
Bidra i kvalitetsarbeid og internkontroll på eigen arbeidsplass
Krav til kompetanse
Fagbrev som Helsefagarbeider
Relevant arbeidserfaring
Interesse for fag, metodar og tilnærmingsmåtar
Kjennskap til funksjonshemming, lovverk og etikk
Personlege eigenskaper vert vektlagt
Vi tilbyr
Arbeid som er viktig, utfordrande og variert
Godt fagmiljø
Triveleg arbeidsmiljø
God opplæring. Rettleiing og oppfølging på jobben av leiar og kollegaer
Lønnsvilkår
Etter gjeldande avtale og regelverk
Slik søkjer du
Søkerar må søke elektronisk via søknadsportalen.
Ved behov kan Servicetorget rettleie deg i søknadsprosessen. Servicetorget når du på telefon 52 75 70 00
Kopiar av vitnemål og attestar tar du med deg dersom du skal møte til intervju. Desse blir dessverre ikkje returnerte.
Politiattest skal heller ikkje leggjast ved søknaden din. Godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månader ,må
liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar tiltrer stillinga. Det vert teke atterhald om at merknadar på
politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Om bedriften
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta