Sommarvikar i helse og omsorg
Har du eller ønskjer du erfaring innan pleie og omsorg, miljøarbeid, legekontor eller institusjonskjøkken? Vi har ledige stillingar som ferievikar i eit engasjert og triveleg miljø.
Vi søkjer etter:
- offentleg godkjente sjukepleiarar
- hjelpepleiarar
- fagarbeidarar
- miljøarbeidarar
- kjøkkenassistentar
- helsesekretærar
Vi treng også assistentar til dei ulike fagområda.
Det er ein fordel med erfaring eller utdanning frå slikt arbeid, men ingen føresetnad. Opplæring vil bli gitt.
Arbeidet består av vakter dag/kveld, helg og eventuelt natt viss ønskeleg.
Vi ber om at du opplyser om kva tidsrom du kan arbeide hos oss i sommar (start og slutt).
Vi legg vekt på personlege eigenskapar i tillegg til at du:
- er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
- møter brukar på ein open og respektfull måte
- har gode samarbeidsevner, og evner til å ta ansvar
- medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
- det er ønskjeleg med førarkort
Krav til dokumentasjon, politiattest, tuberkulose og MRSA test:
For dei fleste stillingane i helse og omsorg er det krav om politiattest jf. helsepersonelloven, og for nokon stillingar jf. pplæringslova. Dei som tilsetjast i stillingar innan helse og omsorg kan bli pålagt å ta MRSA og tuberkulose prøve.
Det skal leverast vitnemål og dokumentasjon frå tidlegare arbeidserfaring ved fastsetjing av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.
Generell informasjon:
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside.
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Det er krav om politiattest jf. forskjellig lovverk i dei forskjellige sektorane
- Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf. HA § 7
Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje blir tatt til følge vil du som søkjar bli varsla, og du kan da velje å trekke din søknad før søkjarlista bli utarbeida.
Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar skal lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil ev. bli innhenta.
Ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no, ved utfordringar i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.
Vi har også ledige helgestillingar:
Pleie og omsorg har fleire ledige helgestillingar og søkjer etter deg! Vi oppfordrer studentar/ elevar til å søke på stilling hos oss. Dersom dette er interessant kan du lese meir og sende oss ein søknad på utlysninga "Helsefagarbeidarar - helgestillingar" med søknadsfrist 29.mars.
Om bedriften
Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2450 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.