Seksjonsleiar Rekneskap
Stillingsannonsen er inaktiv.Økonomiteneste, NAV
Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger
Org. nr: - Stillingsident: 4308099228 Presentasjon av stillingen:
NAV Økonomiteneste er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 450 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for etaten sine 11 300 tilsette. NAV sitt rekneskap utgjer 1/3 av statsbudsjettet, og NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 95 tilsette fordelt på fire seksjonar og er lokalisert i Leikanger, Vestland fylke.
Vi ser no etter ein dyktig leiar med solid fagkompetanse innan økonomi, som skal leie Seksjon for rekneskap. Denne seksjonen har ansvar for utbetaling av ytingar, rekneskapsføring og avstemming, samla rekneskapsoppstilling for NAV og analysar. Leiar for seksjonen skal sikre stabil og effektiv drift innanfor desse ansvarsområda.
I tillegg til å ha god fagleg kompetanse, bør du vere utviklingsorientert og god til å sjå moglegheiter for forbetring. Ein viktig del av rolla er å sikre at NAV etterlever økonomireglementet i staten, ved å vidareutvikle rutinar for internkontroll, og legge til rette for god styringsinformasjon. For å få til dette må du vere ein god pådrivar som er synleg i organisasjonen, ha gode kommunikasjonsevner og vere ein god nettverksbyggjar.
Økonomiområdet i NAV er under utvikling og vi skal mellom anna ta i bruk nye løysingar for budsjett og prognose, analyse og rapportering. Det er viktig å skape engasjement og entusiasme for endringane i organisasjonen. Erfaring i å leie endringsprosessar er difor ein fordel i denne rolla.
Med deg på laget får du eit økonomifagleg kompetansemiljø på omkring 25 tilsette.
Arbeidsoppgaver
Sikre effektiv og stabil drift av seksjonen
Personalansvar
Deltakar i direktøren si leiargruppe
Utvikling av økonomiområdet i NAV
Kvalifikasjoner
Mastergrad fortrinnsvis innan økonomisk-administrativ studieretning, eller anna relevant utdanning. Brei erfaring kan kompensere for noko lågare utdanning
Leiarerfaring
Kunnskap om og erfaring frå korleis lukkast med endringsleiing
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Personlige egenskaper
Ansvarsbevisst med evne til å ta leiing og skape resultat
Analytisk og strukturert
Løysingsorientert og med god gjennomføringskraft
God relasjonsbyggjar
Vi tilbyr
Ei spanande og utfordrande leiarstilling med moglegheit for personleg utvikling
Fast stilling som seksjonssjef og gode lønnsvilkår
Fleksibel arbeidstid, gode velferdsordningar og godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Herdis Ulveseth, Direktør, 99718546, herdis.ulveseth@nav.no
Arbeidssted
Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:NAV
Referansenr.:4308099228
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.01.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Økonomiteneste, NAV
Adresse
Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger
NAV leverer arbeids- og velferdstenester til Noregs befolkning. Vi har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske mogelegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.
NAV er ein inkluderande arbeidsplass som er prega av mangfald. Vi ynskjer at alle kvalifiserte kandidatar søkjar jobb hos oss. Vi legg til rette for arbeidstilhøva om du har behov for det. I lys av inkluderingsdugnaden oppfordrar vi personar med nedsett funksjonsevne og/eller "hol i CV" om å søkje jobb hos oss. Dei er ein verdifull arbeidskraftressurs som NAV treng. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om tilsetjing av søkjar med nedsett funksjonsevne/”hol i CV” kan bli brukt i statistikken til regjeringa si inkluderingsdugnad.
CV blir nytta til ei utvida søkjarliste. Du må grunngje om du ynskjer å bli fjerna frå offentleg søkjarliste. Sjå feltet for spesiell vurdering under utfylling av CV. Opplysingar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført i søkjarlista. Du vil bli varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje blir teke til følgje.
NAVstilling
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 3. januar 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4308099228_Økonomiteneste, NAV_webcruiter
Stillingsnummer: 533d2408-056a-458d-b1be-44810a49ac04