Rektor/einingsleiar ved Fløgstad skule
Stillingsannonsen er inaktiv.Sauda kommune
Fløgstad skule
Vi søkjer etter rektor/einingsleiar ved Fløgstad skule. Skulen er ein 1-7 skule med 135 elevar. I tillegg har ein 24 elevar i SFO. Administrasjonen omfattar rektor i 100% og sekretær i 40% stilling. Det er totalt 18 årsverk ved skulen. Skulen vektlegg eit godt læringsmiljø for den enkelte elev, samt at foreldra skal ha reell medverknad på drifta av skulen. Skulane i Sauda skal stå fram som lærande organisasjonar der fagleg utvikling og kontinuerleg vurdering av opplæringa er viktige element. Dei har nynorsk som opplæringsmål. Kommunen er ein MOT-kommune.
Kommunen er organisert etter ein 3-nivå-modell med rådmannen som øvste leiar. Rektor er organisert under kommunalsjef for oppvekst og kultur. Rektor har eit sjølvstendig ansvar for fag, økonomi og tilsette, og går inn i eit leiarnettverk med rektorar frå dei andre 3 skulane i kommunen.
Vi søkjer etter deg som har
- pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar jf. Opplæringslova § 9.1
- leiarkompetanse, formell og/eller realkompetanse
- evne og vilje til å driva aktiv og framtidsretta skuleutvikling innanfor område som er prioritert ved skulen og i kommunen
- evne til å inspirera, visa omsorg og interesse for den enkelte elev og medarbeidar
- god økonomisk styring
- evne til samarbeid og leiing, og samstundes har fokus på kvalitet og service
Me kan tilby
Ein interessant jobb med konkurransedyktige løns- og arbeidstilhøve
Hjelp til å skaffa bustad
Hjelp til å skaffa jobb i Sauda til eventuell partnar
Godt arbeidsmiljø
Pensjonsordning i SPK
Gode forsikringsordningar
Ansettelsesvilkår
Den som vert tilsett, vil vera underlagt dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lover, forskrifter og avtalar
for Sauda kommune. Ved tilsetjing vil vi krevje godkjent politiattest.
Det vil verta inngått eigen leiaravtale.
Søknad sendes
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Vi ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem.
Det er ikkje mogeleg å leggje ved vitnemål og attestar. Dette må ein ta med til intervju.
Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønningskontoret på mail til
lonn@sauda.kommune.no eller på telefon 52 78 62 09 / 52 78 62 03.
Velkomen som søkjar!
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Sauda kommune
Adresse
Kongsveien 48, 4200 Sauda
Kommunen ligg inst i Ryfylke og har ca 4500 innbyggjarar. Sauda er kjend som ein vasskraft- og industrikommune. Kommunen er handels-, skule- og servicesenter i Indre Ryfylke. Sauda satsar aktivt på turisme året rundt og har ein flott natur. Sauda skisenter er Sør-Vestlandets største. Vi har symjehall, nytt stadionanlegg, småbåthamn, småbåthamn og rikt kulturliv. Sauda har full barnehagedekning, eit godt utbygd helse- og skuletilbod og ein moderande vidaregåande skule.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 16. mars 2020
Hentet fra: Sauda kommune
Referanse: enterprisesauda.ryfylkeikt.no/recruitment/opening?0?286
Stillingsnummer: 533a0760-b89d-45d3-b554-2e9b0cfbfe64