ID 967 Personal- og organisasjonssjef
Fitjar Kommune
Sjøsbrekko 1, 5419 Fitjar, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Personalleder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. desember
Fitjar kommune søkjer personal- og organisasjonssjef. Du arbeider nært innpå både dei tilsette og den politiske leiinga og rapporterer direkte til kommunedirektøren.
Personal- og organisasjonssjefen blir næraste leiar for medarbeidarar som arbeider med HR og organisasjonsutvikling, kundetorget, IKT og arkiv. Personal- og organisasjonssjefen og avdelinga skal vere ei solid støtte og rådgjevar for kommunen sine leiarar, samt ein aktiv pådrivar for heilskapstenking, digitalisering og organisasjonsutvikling i kommunen.
Aktuelle arbeidsoppgåver vil vera:-
Arbeide med personal, kompetanse- og organisasjonsutvikling i organisasjonen
-
Vere ein pådrivar for ein tett og konstruktiv relasjon til kommunen sine leiarar og tillitsvalde
-
Utvikle eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
-
Sikre profesjonell og effektiv personalforvaltning
-
Legge til rette for og følge opp politiske mål, strategier og planar
-
Vere pådrivar for kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk, lønnspolitikk og andre overordna retningslinjer og planar innanfor HR-området
-
Leie forhandlingar og drøftingar med leiarar og tillitsvalde saman med kommunedirektøren
-
Budsjett- og resultatansvar for kundetorget, IKT- og personalavdelinga
-
Overordna HMT-ansvar
-
Rettleie og støtte leiarar i HR-relaterte spørsmål
-
Ev. avløysar for kommunaldirektøren
Andre oppgåver vil kunne tilfalle stillinga ut frå kommunen sine løpande behov og kandidaten sitt kompetanseområde.
Kvalifikasjonar:-
Relevant utdanning på masternivå, som HR, organisasjonspsykologi, kvalitetsleiing eller tilsvarande. Lang realkompetanse kan kompensera for manglande formell utdanning.
-
Kan vise til gode resultat som leiar eller spesialist, fortrinnsvis frå organisasjonsutvikling og HR-relaterte fagområde
-
Erfaring med endrings- og omstillingsprosessar
-
Solid kompetanse på arbeidslivsjuss, lov- og avtaleverk
-
Strukturert og ryddig, initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar
-
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
-
Kapasitet til å byggja gode relasjonar og samarbeida med andre.
-
Sjølvstendig og effektiv, med fagleg integritet
-
God digital dugleik
-
Utviklings- og resultatorientert
-
Gode samarbeids- og relasjonelle evner
-
Løysingsorientert, systematisk og målorientert
-
Evne til å oppnå resultat gjennom andre og til å inspirere og motivere
-
Kan legge til rette og leie fleirfagleg arbeid på tvers av ansvarsområde
-
Ser heilskapen i ein kommuneorganisasjon
-
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
-
Eit godt og engasjerande arbeidsmiljø
-
Utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver
-
Ei spanande stilling i organisasjonen med viktige og meningsfylte oppgåver
-
Stor variasjon i arbeidsoppgåvene med varierte arbeidsdagar
-
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
-
Fleksibel arbeidstid
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Har du spørsmål knytt til stillinga kan du ta kontakt med
-
Kommunedirektør Steinar Dalland, tlf. 97 04 65 00
e-post stedal@fitjar.kommune.no
-
Personal- og organisasjonssjef Jon Eirik Kvalnes, tlf. 99 38 95 62
e-post jonkva@fitjar.kommune.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer. Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. Kommunen har 3 200 innbyggjarar og ei positiv folketalsutvikling.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2797185
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
52f9d40b-b815-4530-a9bc-2d14a2146ae4