Vitskapleg assistent
Jobbnorge ID: 194920
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY
Vitskapleg assistent
Ved Institutt for samanliknande politikk Universitetet i Bergen, er det ledig ei 20 % stilling som vitskapleg assistent for ein periode på 10 måneder. Stillinga er knytt til prosjektet «Politics of Inequality» v/ prosjektleiar Yvette Peters.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.
Arbeidsoppgåver:
- Synkronisere, binde saman, konstruere og supplere store datasett
- Gi støtte til analysar av data
- Gi støtte til skriving av rapportar basert på data frå Norsk Representantpanel
- Hjelpe til med organisering av forskingsseminar og arbeidsgrupper
- Halde prosjektets nettside oppdatert
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Mastergrad eller bachelorgrad i samanliknande politikk
- God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
- God kjennskap til kvantitativ metode (data and analyse). Det er ein føremon om ein har fullført emna SAMPOL305 and SAMPOL332.
- Det er ønskeleg med interesse for representasjon og/eller politisk ulikskap i demokrati
- God administrativ IT-kompetanse
Personlege eigenskapar:
- Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Løn med bachelorgrad i lønssteg 35 - 42 ved tilsetjing (kode 1019). Personar med mastergrad vil bli løna i kode 1020, lønnstrinn 51.
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge.
Søknadsfrist: 1.11.2020 . Søknaden skal merkast 20/11529
Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar Yvette Peters.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.