Førsteamanuensis/førstelektor i pedagogisk rettleiing
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei stilling som førsteamanuensis/førstelektor i pedagogisk rettleiing ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga
Stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsag i faggruppa Utdanningsleiing. Faggruppa er organisert på tvers av studiestadane. Fagmiljøet har brei kompetanse m.a. innanfor pedagogisk rettleiing, leiing og profesjonsutvikling. Fagmiljøet dekker eit bredt spekter av etter- og vidareutdanningar og mastertilbod i tillegg til å bidra i barnehagelærarutdanninga og dei femårige grunnskulelærarutdanningane.
Stillinga er plassert i Bergen, Sogndal eller Stord, men vil ha oppgåver frå alle studiestadene. Reising må difor påreknast.
Stillinga er ledig frå 01.08.2023
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Undervise, rettleie, vurdere, følgje opp studentar i praksis og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil primært vera knytt til etter- og vidareutdanningar, ulike masterprogram, grunnskulelærarutdanningane (integrert 5 årig master) og barnehagelærarutdanninga, alt etter søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov.
Rettleie og leggje til rette for læringsprosessar i barnehagar og skular, samt støtte deira eigarar i anna arbeid med lokalt utviklingsarbeid.
Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sine fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
- Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
Kvalifikasjonskrav:
Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av Forskift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.
Formelle kvalifikasjonar:
- For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad innanfor pedagogikk eller pedagogisk rettleiing. Søkjarar med annan utdanningsbakgrunn med relevans for oppgåvene vil også bli vurderte.
- For fast tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
- Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.
Personlege eigenskapar:
- Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
- Høgt etisk medvit i møte med studentar og tilsette er påkravd.
- Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Språkkrav:
- Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
- Relevant erfaring frå individuell- og grupperettleiing i pedagogiske verksemder.
- Kompetanse når det gjeld arbeid med digital teknologi i undervisning og rettleiing.
- Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering
- Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
- Internasjonale faglege nettverk og erfaring frå internasjonalt arbeid.
Søkjar må oppgi ønskje om arbeidsstad. Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveforelesning.
Utdanningsfagleg kompetanse:
For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis og professorstilling ved HVL.
For stilling som førstelektor skal relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnalg av utdanning eller undervisning og rettleiing dokumenterast.
Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.
Sakkunnig vurdering:
Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida dine, kvar dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
- Vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.)
- Fullstendig publikasjonsliste
- Attestar og vitnemål.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011- førsteamanuensis / 1198 - førstelektor.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Assisterande instituttleiar, Erik Bulie, tlf: 53 49 14 15, ebu@hvl.no
Samspel, berekraft og nyskaping
Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Om bedriften
Dette er Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 190 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.