ID 1524 Rektor Stord Ungdomsskule
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med 18 000 innbyggjarar. Stord er kommunikasjonssenter og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Her er flyplass med daglege flygingar til Oslo. Kommunen er landfast sørover med Trekantsambandet. Skuleverket er godt utbygd med vidaregåande skular, allmennlærarutdanning, førskulelærarutdanning og sjukepleiarutdanning. Vidare ligg Stord sjukehus her. Stord har eit rikt kulturliv med nærare 300 organisasjonar, og det er gode vilkår for sport og friluftsliv. Stord kommune har flat struktur og er organisert i sjølvstyrte einingar med eige budsjettansvar.
Er du vår nye skuleleiar?
Stord ungdomsskule har ledig 100 % fast stilling som rektor.
Me søkjer ein leiar som:
- Har fokus på relasjons- og meistringsbasert leiing og godt partssamarbeid
- Er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set seg
- Har god kompetanse på gjeldande lover og forskrifter for grunnskulen, og kommunen sine plikter i medhald av desse
- Har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
- Likar leiing og administrasjon og har relevant kompetanse og erfaring
- Er positiv, initiativrik og strukturert
- Veit korleis du skal byggja god organisasjonskultur
- Vil skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Involverer seg i skulekvardagen på eigen skule og i Stord kommune
Søkjarane må ha pedagogisk utdanning og praksis og kompetanse innan administrasjon/ leiing. Kommunen legg til grunn dei sentralt vedtekne krav om kompetanse.
Stord er ein to-nivå--kommune, og rektor har vide fullmakter innan vedtekne rammer. I tillegg til det faglege og pedagogiske ansvaret, har rektor og ansvar for drift og økonomi. Rektor rapporterer til rådmannen v/ein av kommunalsjefane, og har leiaravtale med kommunalsjefen der rettar, plikter og mål vert omtala.
Stordskulen
Skulane i Stord har fokus på kvalitetsutvikling, inkluderande læringsmiljø og tverrfagleg samarbeid. Endrings- og utviklingsarbeid er eit felles ansvar, der me ønskjer å gjera kvarandre gode og spela på lag med kvarandre. Stord ungdomsskule, med sine om lag 320 elevar og 35 tilsette, er ein av 10 grunnskular i kommunen. Skulen har dei siste åra hatt fokus på å utvikla ein elev som er trygg og trivst på skulen, samarbeider med andre og opplever meistring, som har god fagkunnskap, er kreativ og får utvikla sine sterke sider gjennom varierte arbeidsmåtar og vurderingsformer. Det fysiske læringsmiljøet gir optimale rammer for læring -- skulen er berre eitt år gammal.
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. jf. Opplæringslova § 10-9.
Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Dersom søkjar ønskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt tlf. 53 49 66 89 eller 41 41 65 03.
Søknadsfrist: 01.07.19