100% stilling som fagarbeidar ved Odda barneskole - SFO
Ullensvang kommune Odda barneskule
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. desember
Det kan verta fleire stillingar det blir tilsett i.
Odda barneskole er ein barneskule, 1.-7. trinn, med ca 310 elevar og 70 tilsette. Skulen ligg i sentrum av Odda og skuleplassen er ein viktig arena for born og unge som bur sentralt, også i fritida. Skulen er organisert med tre parallellklassar på kvart trinn, med eit SFO-team som er delt i to basar. Administrasjonen består av rektor, to avd.leiarar, SFO-leiar og merkantil, og i tillegg har skulen sosiallærar i ein mindre delstilling. Personalet består elles av lærarar, fagarbeidarar, assistentar og miljøterapeutar.
Arbeidsoppgåver:
vera ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen
skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel
vera aktiv med borna i leik og bidra til aktivitet
ha eit godt og positivt samarbeid med kollegaer og føresette
Ynskte kvalifikasjonar:
barne- og ungdomsarbeidar
erfaring frå arbeid med barn og unge
Vi ser etter deg som:
likar å arbeida med barn og unge
har positivt elevsyn og gode evner til å byggja relasjonar
er sjølvstendig og fleksibel
har gode samarbeidsevner
er robust, omsorgsfull og tolmodig
er løysningsorientert og initiativrik
Det vert lagt stor vekt på å vera personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr:
Interessant og spennande arbeid med barn og unge
Dyktige, positive og løysingsorienterte kollegaer
Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo
Lønn etter hovudtariffavtalen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
Politiattest
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2797003
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3431439_193931_nn