Me har ledig stilling for miljøservicearbeidar 19/1998
Arbeidsoppgåver: Reinhald i kommunale bygg; skular, barnehagar og institusjonar.
Me arbeider etter innemiljøstandarden med arbeidstid frå 0600 - 1330 og fylgjer ikkje skuleruta. Arbeidstida kan endrast etter behov frå arbeidsgjevar.
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, jf. strafferegisterlovar. Attestar og vitnemål må takast med ved eventuelt intervju.
Krav til kompetanse
- organisering, teamarbeid og kursverksemd krev at den som vert tilsett har gode norskkunnskapar
- fagbrev er ønskjeleg
- grunna organisering med rullering må den som vert tilsett har sertifikat og disponera eigen bil
Personlige egenskaper
- du har interesse for og ønskje om konstant læring og utvikling
- du er positiv, fleksibel og serviceinnstilt
- du har god ordenssans
Om bedriften
Me er 43 personar i reinhaldsavdelinga, der kommunikasjon og samhandling vert vektlagt.
Arbeidslivet endrer seg raskt og krav til kompetanse blant arbeidstakarane auker. I dei seinare åra har me gjennomført ei rekkje kurs - og kompetansehevande tiltak i avdelinga, der målet er å visa at jobben vår er mykje meir enn å berre fjerna smuss. Me vil fortsetja utviklinga med kurs og kompetanseauke for å vera i stand til å meistra framtidas utfordringar.
For å sikra lik kvalitet på reingjeringa og variasjon i arbeidsoppgåvene for den einskilde tilsette, har me innført rulleringssystem. Ingen har fast arbeidsstad, men rullerer mellom dei einskilde kommunale bygga.
Organisering, teamarbeid og kursverksem kreva at søkjar har gode norskkunnskapar. Erfaring og kunnskap i bruk av data, dataprogram og smarttelefon er ønskjeleg.