Sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid
Stillingsannonsen er inaktiv.Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde
Ved Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har vi ei fast 100 % stilling for sjukepleiar med relevant vidareutdanning, i turnus dag/aften med arbeid kvar 3. helg. Oppstart så fort som mogleg.
Seksjonen har 14 døgnplassar i tillegg til 2 brukarstyrte senger og eit ambulant team som er knytta opp mot seksjonen. Det ambulante teamet samarbeider med pasienten, døgnposten og kommunen for å gjere utskrivingsprosessen betre, korte ned innleggingstida og forebygge nye innleggingar.
Pasientgrunnlaget er i alder 18 år og oppover med breitt spekter av diagnoser. Vi arbeider både individuelt og i tverrfaglege team rundt pasientbehandlinga.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféar og spisestadar.
Les meir om Molde og Romsdalen her: https://www.fjordnorway.com/no/destinasjoner/molde
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutiske oppgåver rundt enkeltpasientar, dokumentasjon i elektronisk journal
- Medikamenthandtering, oppgåver på medisinrom
- Koordinere dagleg drift i seksjonen (ansvarsvakt)
- Delta i behandlingsmøter, fagutvikling og forbetringsarbeid. Vidareutvikling av tenestetilbodet og det faglege miljøet i seksjonen
- Tverrfagleg samarbeid og samhandling med kommunale tenester, pasient og pårørande
- Oppgåver som rettleiar for studentar
- Praktiske oppgåver i seksjonen
- Du må kunne delta i ulike former for fysisk aktivitet
- Bruke Kompetanseportalen aktivt for å vedlikehalde kompetanse
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar med relevant tilleggsutdanning
- Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg
- Fordel med god kjennskap til data og digitale løysingar
- Meistre norsk språk skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker ein person med gode samarbeidsevner, stor arbeidskapasitet og godt humør
- Du skal kjenne din faglege ståstad og dele kunnskap med kollegaer
- Bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse og utvikle seksjonen fagleg
- Du må kommunisere godt både internt og eksternt og kunne takle raske omstillingar
- Å vere personleg eigna blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marit Mork Stenløs, Seksjonsleiar, 472 27 615 , Marit.Mork.Stenlos@helse-mr.noArbeidssted
Nøisomhedvegen 126416 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4548477795
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.08.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Nøisomhedsvegen 12, 6416 Molde
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Om stillingen
Stillingstittel
Sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 16. august 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: 27681488ec284483b9247fca30e795ec
Stillingsnummer: 51f3f092-f29b-464b-98f3-a707fdaba9f5