Dagleg leiar/ kyrkjeverje - vikariat
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiar for kyrkjeleg verksemd etter KL § 14 og GL § 3 med ansvar for drift, vedlikehald, investering og forvalting av 6 kyrkjebygg og 5 gravplassar for sokna i Tokke
- Ansvar for den daglege drifta av kyrkjekontoret
- Arbeidsgjevar for dei tilsette i fellesrådet (ikkje prestane)
- Ansvar for å utarbeide og gjenomføre planar for verksemda, budsjett, økonomistyring og personalforvaltning
- HMS leiar
- Sakshandsamar og sekretær for fellesrådet
- Bindeledd mellom stab og sokneråd
- Være kontakt-/samarbeidsperson overfor kommune og andre samarbeidspartnere
- Drift og økonomiansvar for Fjellkyrkje
- Administrere vertsfellesrådsfunksjon for diakonistilling i Vest-Telemark, eit samarbeid mellom 2 fellesråd, 3 sokneråd med fellesrådsfunksjon og Agder og Telemark Bispedøme
- Administrere vertsfellesrådsfuksjon for kyrkjelydspedagog for samabeidene sokna (5) i Tokke og Vinje.
- Ansvar for vedlikehaldsprogram for Stavkyrkja
- Følge opp igangsette prosjekt.
Kvalifikasjonar:
- Relevant erfaring/høgare utdanning innan administrasjon og leiing
- God kjennskap til IKT
- God kjennskap til offentleg forvaltning
- Ynskjeleg med erfaring frå kyrkje- og kyrkjelydsarbeid
- Anna relevant erfaring kan kompensere for kravet om høgare utdanning
- Krav om barneomsorgsattest (jf. kyrkjelova §29, 2 ledd)
Vil bli lagt vekt på:
- Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, strategisk tekning
- Ryddig, strukturell og ansvarsfull
- Evne til å arbeide sjølvstendig og å ta initiativ/ansvar
Særskilte krav:
- Medlemsskap i Den norske kyrkja
- Disponere bil og ha førarkort
Vi kan tilby
- Sjølvstendig, interessant og utfordrande arbeidskvardag
- Løn og arbeidsvilkår - leiaravtale etter gjeldane reglar
- Pensjonsordning i KLP
- Fleksibel arbeidstid, kveldsarbeid må forventast
- Eit arbeidsmiljø prega av trivsel, trygghet og humor
Om bedriften
Tokke kommune ligg i Vest-Telemark og har ca. 2.225 innbyggarar. Tokke kyrkjeleg fellesråd (TKF) har ledig stilling som vikar for kyrkejverja i 100% stilling då han har fått eitt års permisjon frå 01.11.2019 - 31.10.2020 som ungdomsprest.
TKF er adm. organ for Dnk sine sokn i Tokke; Eidsborg, Mo og Skafså sokn og Høydalsmo og Lårdal sokn. Sokna har til saman 5 soknekyrkjer, 4 er listeførte og ei er freda (stavkyrkje). Det er 5 gravplassar i kommunen. Kyrkjekontoret er på kommunehuset i Dalen som er administrasjonssenter i Tokke kommune. Stabsmøte ein gong i mnd. TKF har 5,85 årsverk fordelt på 10 tilsette, i tillegg til sumarvikarar og engasjement.
Budsjett drift 2019 er kr. 6,6 mill, investeringer 2019 kr. 1,1 mill. Kommunalt tilskot drift 2019 er 3,87 mill.
Kyrkjeverja har ansvaret for drifta av kyrkjebygg og gravplassar og er dagleg leiar for verksemda med arbeidsgjevaransvar for dei tilsette (ikkje prestane).