Barnehagemedarbeidar 100 % vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4300524438 Presentasjon av stillingen:
Fjellgardane barnehage er ein tre-avdelingsbarnehage med plass til 45 barn. Bykle barnehage er ein to-avdelingsbarnehage med plass til 27 barn
Barnehagene er nabo til barneskule og friområde med lysløyper. Dei tre avdelingane våre i Fjellgardane barnehage er: Revehiet, småbarnsavdeling med plass til 9 barn i alderen 0 - 3 år. Maurtuva og Jasehola, båe har plass til 18 barn over 3 år. Dei to avdelingene i Bykle barnehage: Ulvetuva, har plass til 18 barn i alderen 3 -5 år og Bjørnehiet, småbarnsavdeling med plass til 9 barn i alderen 0 - 3 år. Barnehagene har eit stort og variert uteområde, og alle a vdelingane har fleire innhaldsrike rom å utfalda i, og som innbyr til ulike aktivitetar og mykje leik.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og delta i aktivitetar.
- Vere med å utvikle eit godt og heilskapleg tilbod til barna.
- Vere ein tydelig rollemodell
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar/ realkompetanse kan oppveie for utdanning
- Erfaring frå barnehage er ynskjeleg
- Gode norsk kunnskaper
- Førerkort kl.B
Personlege eigenskapar
Evne til å samarbeide og til å vere fleksibel (må kunne arbeide i båe barnehagene)
Evne til å leie ei gruppe med barn
Like å vere ute og vere fysisk aktiv
Det blir lagt stor vekt på at den som blir tilsett er personleg egna. Vi legg vekt på at du er arbeidsom, tillitsvekkande, glad, punktleg, positiv og tilpasningsdyktig
Vi tilbyr
- Løn som fagarbeidar/ assistent etter ansiennitet
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø Det er krav om godkjent politiattest ved tilsetting.
Kontaktinformasjon
Caroline Rysstad, Tenesteleiar, 93421494, caroline.rysstad@bykle.kommune.no
Arbeidsstad
Sarvsvegen 14
4754 Bykle
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bykle kommune
Referansenr.:4300524438
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.11.2020
Sluttdato: 31.07.2021
Søknadsfrist: 28.10.2020
Om bedriften
Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette