Framtidas helsetenester gjennom digitalisering - Helse Vest IKT
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse Vest IKT
Bergen
Har du erfaring frå digitalisering og endringsarbeid som prosjektleiar, konsulent eller rådgjevar? Eller bakgrunn frå klinisk arbeid, og brenn for endring og teknologi?
Helsetenesta står ovanfor store utfordringar dei kommande åra. Dette inneber ein omfattande utvikling mot betre tenester, der innovasjon og digitalisering er ein av nøkkelfaktorane i endringsarbeidet. Les meir om den spennande satsinga i Helse Vest si strategiplan: Helse2035
Avdeling for Arkitektur, Innovasjon og Portefølje utgjer eit solid fagmiljø innan innovasjon, endringsarbeid og verksemds-/løysingsarkitektur. Våre medarbeidarar er sentrale i satsinga på nye og framtidsretta løysingar. Vi arbeider for å skape samanheng og ivareta heilskapen i endringsarbeidet. Vi skal mellom anna sjå strategiske mål, brukarbehov, arbeidsprosessar, organisering og informasjon i samanheng med moglegheiter innan IKT-løysingar og teknologi. Kompetanseutvikling og samarbeid står sentralt i avdelinga, og vår kultur for deling av kunnskap og erfaringar er høgt verdsett blant medarbeidarane. Lagarbeid i avdelinga, samt i program og prosjekt, er ein føresetnad for å handtere kompleksiteten i endringsarbeidet.
Arbeidsområder
Vi er i dag 44 tilsette i avdelinga, og skal styrke laget vårt med fleire nye medarbeidarar. Er du interessert i å arbeide med eit eller fleire av områda lista under, vil vi gjerne høyre frå deg:
- Strategisk utredningsarbeid og rådgiving
- Gi råd ved utforming av mål og nytte av endring
- Levere arkitekturtenester til endringsarbeid i prosjekt/program
- Kartlegge behovet til brukarar og andre interessentar
- Kartlegge og beskrive noverande situasjon, framtidig/ønska situasjon og analysere gapet mellom disse
- Bidra til vidareutvikling av avdelingas tenester og metode
Vi søker medarbeidarar som er sterke på
- å sjå heilskap og samanhengar
- samspelet mellom menneske, prosess, organisasjon, informasjon/data og teknologi/IKT
- å sjå moglegheiter for bruk av teknologi/IKT
- dialog og samarbeid og er motiverte til å jobbe i team
- analytisk, metodisk og langsiktig arbeid
- å ta initiativ og å finne løysingar
Kvalifikasjonar
-
Relevant høgare utdanning.
-
Det er ønskeleg med erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område:
- Strategiutvikling og -oppfølging
- Verksemds- /løysingsarkitektur i større/komplekse organisasjonar/prosjekt
- Prosjektleiing/konsulentbistand/rådgjeving i større/komplekse IKT-prosjekt
- Endringsarbeid innan helsesektoren
-
Arbeidsspråk er norsk, og søker må beherske norsk flytande (munnleg og skriftleg). I tillegg er det ønskeleg at ein beherskar engelsk.
Vi tilbyr
- Spennande utfordringar innan eit strategisk satsingsområde
- Gode høve til fagleg og personleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø, og motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Fleksible arbeidsordningar, derunder fleksitid
- Løn etter avtale og medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Monica Kathrine Granli, Konst. Seksjonsleiar, (+47) 95 83 73 27
Tor Helland Kleppe, Seksjonsleiar, (+47) 92 20 00 14
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Vest IKT
Ref. nr.:4033106619
Fast heltid
Tal på stillingar: 2
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4033106619&company_id=3183682729&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Adresse
Ibsens gate 104, 5052 Bergen
Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag dryge 550 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.
Om stillingen
Stillingstittel
IT-rådgiver
Antall stillinger
2
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 1. april 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 10004867
Stillingsnummer: 516d6b3c-a3f8-4b3e-9573-0bf1c1bcc5df