Sjukepleiar natt, 64,60% fast
Ledig fast 64,6% stilling for sjukepleiar på natt ved Etne Omsorgssenter
Arbeidsoppgåver
Sjukepleiar er ansvarleg for sjukepleietenesta på natt ved Etne Omsorgssenter. Institusjonen har 30 insitiusjonsplasser. Etne Omsorgsenter er nyopna i oktober 2018, og har mange gode velferdsteknologiske løysingar, bl.a. digitalt tilsyn på natt. Ein må og vera forberedt på å ha ansvar for, evt og hjelpe til ute i Nattpatrulja.
kompetanse:
Sjukepleiar med autorisasjon.
Ein må ha sertifikat.
Gode data kunnskap
Gode norskkunnskap både munnlege og skriftleg
Personlege eigenskapar
Me søker deg som kan arbeida både sjølvstendig og i team.
Har fagleg innsikt og tryggleik
Har godt humør og god kommunikasjonsevne.
Er flexibel og stor arbeidskapasitet.
Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetjing
Annan informasjon
Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø med stabilt personale. Basen er det nye flotte omsorgssenteret i Etne, der bruk av teknologi er ein del av tenesta på natt.
Faglege utfordringar.
Forhandlingsturnus.
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservara seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om bedriften
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Administrasjonen er organisert etter tonivåmodellen, med 10 resultateiningar i tillegg til stabs-, støtte- og rådgjevarfunksjonar. Kommunen har ca 270 årsverk/440 tilsette. Tenestemålet er nynorsk.