1-2 stillingar som vitskapleg assistent ved MultiLing
Jobbnorge ID: 188281
Om stillinga
Ein til to stillingar som vitskapleg assistent er ledige ved MultiLing, Senter for fleirspråklegheit frå 15. august: https://www.hf.uio.no/multiling/. Som vitskapleg assistent vil du jobbe tett med ulike forskarar ved senteret og hjelpe til på ulike forskingsprosjekt. Døme på arbeidsoppgåver kan vere innsamling, systematisering og koding av datamateriale, transkripsjon, mediasøk, litteratursøk, assistanse med eksperiment i lab osb. I tillegg vil du jobbe med å lage og legge ut saker på nettsidene til MultiLing og på sosiale medium. Det kan vere å lage ei sak om pågåande forsking ved senteret, seminar og konferansar vi arrangerer, intervju med gjesteforskarar osb. Det vil også vere aktuelt å assistere ved vitskaplege arrangement, i nært samarbeid med administrasjonen. Du vil få kontorplass på felleskontor med andre vitskaplege assistentar, og vere med på regelmessige møte i adm.-vit.ass.-teamet på MultiLing.
Her kan du lese meir om retningslinene for tilsetting av vitskaplege assistentar ved institutt for lingvistiske og nordiske studium: https://www.uio.no/for-ansatte/arbeidsstotte/personal/personalrutiner/vitenskapelig-assistent/lokale-rutiner/hf/iln/
Stillingane er ledige i eitt år med moglegheit for forlenging i ytterlegare eitt år. Stillingsprosenten må vere mellom 50-100%
Kvalifikasjonskrav
- mastergrad i eit språkleg emne, eller andre emne som er relevante for fleirspråklege problemstillingar. Det er ein fordel om du har planar om å gå vidare med forsking, t.d. med eit ph.d.-prosjekt.
- framifrå munnleg og skriftleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk.
- du må vere personleg eigna og motivert for stillinga.
- ein kan kun vere tilsett som vitskapeleg assistent i to år til saman
Vi tilbyd
- lønn kr 456 400 per år
- eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
- god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
- stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida
Søknaden skal innehalde
- Søknadsbrev
- CV
- Karakterutskrift
- To skriftlege referansar
Søknad med vedlegg må sendast inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt. Ved utdanning utanfor Skandinavia bed vi om ei forklaring på karaktersystemet. Vi gjer merksam på at all dokumentasjon må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Det nyttast intervju i tilsetjingsprosessen.
Andre opplysningar
I høve til Offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med føremål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad gjenspeglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Unn Røyneland (professor og nestleiar på MultiLing)
Mari C. R. Otnes (administrativ leiar)
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) er eit senter for framifrå forsking (SFF) under Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Det humanistiske fakultet. Senteret har også status som eitt av fem verdsleiande miljø ved Universitetet i Oslo, og er i ferd med å bygge opp eit sosiokognitivt laboratorium. MultiLing sitt mål er å bidra med kunnskap om fleirspråklegheit hjå individet og i samfunnet i eit livsløpsperspektiv, og gjennom det belyse dei moglegheitene og utfordringane fleirspråklegheit representerer for individet i familien, skulen, andre institusjonar, og i samfunnet som heilskap. Staben består av 40 tilsette frå 15 forskjellige land. MultiLing har i tillegg eit stort nettverk av nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar som arbeider med fleirspråklegheit ved ei rekke forskingsinstitusjonar.