Miljøterapeut 100 % engasjementstilling ved Godøy skule
Org. nr: - Stillingsident: 4193917617 Presentasjon av stillingen:
Godøy skule har ledig 100 % engasjementstilling som miljøterapeut frå 01.08.2020 - 18.06.2021.
Skulen har om lag 220 elevar og er ein 1-10 skule, der 1.-4. klasse har lokalitet på Alnes og 5.-10. klasse er lokalisert på Godøya.
Framtidig skulestruktur er under vurdering og kan bli endra.
Dokumentasjon på utdanning skal skannast som vedlegg til søknaden.
I tillegg til formell utdanning og praksis, blir det lagt vekt på personlege eigenskapar, og at ein er godt skikka for stillinga.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og tilrettelegging for barn med fysiske og psykiske utfordringar
- Rettleiing av andre tilsette
- Vere koordinator for einskilde elevar
- Tilrettelegge friminuttsaktivitetar
- Sfo og leksehjelp kan inngå i stillinga
Kvalifikasjonar
- Utdanning som vernepleiar, men andre med relevant utdanning og erfaring kan også søkje
- Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid
- Gjerne relevant tilleggsutdanning
- God digital kompetanse
- Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar og tillit
- Evne til sjølvstendig arbeid, men også samarbeide med andre
- Engasjement og løysingsvilje
- Evne og helse til å stå i krevjande arbeidsdagar
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer
Kontaktinformasjon
Oddfrid Reinlund, konstituert rektor, 48023464
Arbeidsstad
Gøymyrane 122
6055 Godøya
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Giske kommune
Referansenr.:4193917617
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.08.2020
Sluttdato: 18.06.2020
Søknadsfrist: 04.03.2020
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.