Helgestilling Pleieassistent
Org. nr: - Stillingsident: 4202374374 Presentasjon av stillingen:
Medisin post 1 vest er ein gastroenerologisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar pasientar med leversjukdom, GI - bløding, pancreas- og eller gallesjukdom, innflammatoriske sjukdommar som Ulcerøs Colitt og Morbus Crohn. I tillegg har vi pasientar med generelle indre medisinske sjukdommar. Medisin 1 vest er ein interessant og utfordrande arbeidsplass.
Medisin post 1 vest har ledig fast 15% helgestilling for sjukeplestudent/ medisinarstudent.
Arbeidsoppgåver
- Du vil arbeide som pleieassistent
- Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere praktisk arbeid, pleie, observasjonar og oppfølging av pasientar
Kvalifikasjonar
- Du må ha 400 timar pleieerfaring frå grunnleggjande stell/pleie, eller gjennomført sjukeheimspraksis i utdanninga
- Helsepersonell med pasientkontakt må meistre norsk munnleg og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten)
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Gode kommunikasjonseevner
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Pasientorientert
- Ha respekt for den enkelte pasienten
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Lojal
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit trivelig arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Kontaktinformasjon
Merete Favang, Avdelingssjukepleiar, 55973603
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4202374374
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 27.04.2020
Søknadsfrist: 13.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.