Se her! Nå er du veldig heldig!
Hå kommune Lensmannsgarden barnehage
Løehagen 12, 4360 Varhaug
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 26. november
Vi i Lensmannsgarden barnehage er på jakt etter ein barne- og ungdomsarbeidar til ei fast 100 % stilling frå 01.01.2026.
Tenkjer du at du er klar for å jobba i denne herlege barnehagen, så les vidare!
Lensmannsgarden barnehage ligg på Varhaug, ca. 5 minutts gange frå togstasjonen. Vi er ein være-saman-barnehage, og legg vekt på å være autoritative vaksne med gode relasjonar til ungane. Det er viktig for oss at ansatte har hjarte for ungane og kvarandre. Vi er ein femavdelings barnehage fordelt på fire basar.
Kvalifikasjonar:
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, evt. anna relevant kompetanse og/eller erfaring.
Vi leiter etter deg som:
- Har eit stort hjarte for ungane
- Har ekstra motivasjon for barn frå andre kulturar
- Er god på å opprette og oppretthalde relasjonar til ungane
- Som kan være ein tydeleg og god vaksen
- Er engasjert og motivert for å være med ungane
- Ser dei små øyeblikka, og verdset dei
- Er i aktivitet og leikar med ungane
- Gir av deg sjølv
- Er fagleg oppdatert
- Er god på samarbeid, er positiv og løysningsorientert
- Stabil og sjølvstendig
- Har humor og pågangsmot
Vi kan tilby:
- Ein aktiv kvardag
- Gode, motiverte og engasjerte medarbeidarar
- Godt fagleg miljø
- Hovedfokus på relasjonar
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
50c84541-5a0c-428c-8c03-6df0fa6839d9
- Sist endret
14. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3564777_194307_no
Lignende annonser
Pedagogisk leder
Arbeidsgiver
Hå kommune Lensmannsgarden barnehage
Sted
Varhaug
Arbeidsgiver
Hå kommune Klokkarhagen sjukeheim
Sted
Varhaug
Arbeidsgiver
Vålandbarnehagene Stavanger kommune
Sted
Stavanger