Lærarar ved barneskulane i Eid
Barn og unge i Eid skal få nytte og utvikle evnene sine i ein trygg oppvekst med rom for alle. Barn og unge i Eid skal bli sjølvstendige menneske med god fysisk og psykisk helse. Eid kommune skal hjelpe barn og unge til å meistre viktige utviklingsoppgåver, både fysisk, sosialt og kognitivt.
Nordfjordeid skule ligg i sentrum av Nordfjordeid. Elevane kjem frå sentrum og frå bygdene Lote, Hennebygda, Hundeide, Sørland og Torheim. Skulen har om lag 340 elevar i 1.-7. klasse, 14 klasser og 50 tilsette.
Hjelle skule ligg i Mogrenda ved Hornindalsvatnet i Eid kommune. Skulen har om lag 85 elevar frå 1.-7. klasse og 12 tilsette.
Haugen skule er lokalisert på Haugen i Eid kommune. Skulen har om lag 65 elevar frå 1.-7. klasse og 10 tilsette.
Stårheim skule ligg sentralt i Stårheim sentrum. Skulen har om lag 65 elevar frå 1.- 7. klasse og 9 tilsette.
Samtlege skular har SFO-tilbod.
Ved Hjelle skule har vi ledig:
- 100 % engasjement som lærar i perioden 01.08.2019-31.07.2020
- 60 % vikariat som lærar i perioden 01.08.2019 - 31.07.2020
Ved Nordfjordeid skule har vi ledig:
- 100 % fast stilling som lærar frå 01.08.2019
- 400 % vikariat som lærar i perioden 01.08.2019 - 31.07.2020
- 100 % vikariat som lærar i perioden 01.08.2019 - 03.01.2020 med mogleg forlenging
- 100 % vikariat som lærar i perioden 01.08.2019 - 15.02.2020 med mogleg forlenging
Det kan også bli fleire ledige stillingar.
Oppgåver:
- Medverke til å utvikle eit godt fagleg opplæringstilbod
- Leie elevgrupper på ein god sosial og fagleg måte
- Medverke til å drive gode forbetrings- ogendringsprosessar
- Medverke til å utvikle gode samarbeidskulturar
- Medverke til godt tverrfagleg samarbeid og samhandling internt og eksternt
Kvalifikasjonar:
Vi ønskjer søkjarar med god formell utdanning, og dei som blir tilsette må kunne leie grupper og klasser på ein god og inkluderande måte. Fagbehov er begynneropplæring, engelsk, kunst- og handverk, spesialpedagogikk, matematikk, kroppsøving, musikk og tospråkleg- norsk/arabisk.
- Utdanning som grunnskulelærar 1-10 eller faglærar
- Gode samarbeidsevner
- Evne og vilje til å arbeide i team
- Er sjølvstendig og systematisk
- Har god vurderingsevne og god rolleforståing
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi kan tilby:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Godt og nært fagleg samarbeid
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
- God pensjons- og forsikringsordning
For meir informasjon kontakt:
Rektor ved Nordfjordeid skule Anne-Grete Eikås tlf. 578 63 420
Rektor ved Hjelle skule Dag Inge Dæmring tlf. 992 47 596
Rektor ved Stårheim skule Gro Iren Nedreberg tlf. 578 62 272
Rektor ved Haugen skule og barnehage Borghild Kjørstad tlf. 991 67 623
Eid kommune har 6 månadar prøvetid.
Frå 01.01.2020 vert Selje og Eid slått saman til Stad kommune. Tilsette i begge kommunane vil bli overførte til den nye kommunen frå denne dato.
Du søkjer ved å bruke lenkje i denne annonsen. Vi ber om at attestar og vitnemål, samt referansar blir lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Søknadsfrist er 03. mars 2019. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Mobil
Om bedriften
Eid kommune har om lag 6000 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Innanfor ein time finn du ein bu-, arbeids-, og serviceregion med 40.000 - 50.000 menneske. Kommunesenteret Nordfjordeid har alt du treng i eit kompakt og særmerkt tettstadmiljø. Eid er ein veldriven kommune med full barnehagedekning og er i landstoppen i skule. Kommunen har ledige bustadtomter, nytt omsorgsenter, fleirbrukshall og park med badeanlegg. Eid er stolt vertskommune for Malakoff rockfestival og Opera Nordfjord. I Eid vil du møte eit lokalsamfunn som skil seg ut frå hopen. Eid er stort nok til å gi deg rom og leve ut draumane dine, og lite nok til å sjå deg og ta vare på deg.