Kommunikasjonsrådgjever
Org. nr: - Stillingsident: 4429905169 Presentasjon av stillingen:
Bykle kommune er ein god stad å bu. Vi er ein kraftkommune med god økonomi. Nå søkjer vi etter ein profesjonell kommunikasjonsrådgjevar som kan løfte fram det gode vi har og hjelpe oss å vidareutvikle kommunikasjonsstrategien og omdømebygginga vår. Stillinga er lagt til kommunikasjonsavdelinga, men skal hjelpe heile organisasjonen med kommunikasjonsfaglege oppgåver. Du vil arbeide tett på ordførar, kommunedirektør og leiarane i kommunen. Som kommunikasjonsrådgjevar må du arbeide både strategisk og praktisk.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide og publisere målretta informasjon til bruk i våre kommunikasjonskanalar, internt og eksternt.
- Drifte og utvikle kommunen sine nettsider og sosiale medier
- Utvikle digitale løysingar
- Vere kommunikasjonsfagleg rådgjevar og støtte for ordførar, kommunedirektør og leiarar.
- Ta sjølvstendig ansvar for kommunisere ut prosjekt og positive hendingar.
- Vere med i den kommunal kriseleiinga.
- Vere med i teamet som har ansvar for planlegging og gjennomføring av valg
- Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Utdanning frå høgskule/universitet på masternivå, helst innan medie- og kommunikasjonsfag
- Relevant kommunikasjonsfagleg erfaring
- God samfunnsforståing - kunnskap om offentleg forvaltning er ein fordel.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter munnleg
- Gode skriftelege kommunikasjonsferdigheiter både på bokmål og nynorsk
- Høg digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du er ein tydeleg, trygg, open og synleg fagperson.
- Du må ha evne til å setje deg raskt inn i og handtere komplekse saker.
- Du evner å sjå nye løysingar og engasjerer deg i oppgåvene.
- Du har god rolleforståing knytt til forholdet mellom politikk og administrasjon.
- Du har høg arbeidskapasitet, leverer innafor sette fristar, taklar varierte arbeidsoppgåver og evner å prioritere.
- Du tek sjølvstendig ansvar for framdrift og resultat, men arbeider også godt i team.
Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna.
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver innanfor eit spennande fagområde
- Fleirfagleg arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale
- Hjelp til å skaffe bustad
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
Den som blir tilsett må rekne med noko reise i tenesta og må disponere eigen bil. Godtgjering etter staten sine satsar.
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn i Webcruiter. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.
Namnet på søkjarar blir vanlegvis offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit. Då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!
Kontaktinformasjon
Helene Nilsen, Kst.personalsjef, 48890050, helene.nilsen@bykle.kommune.no
Karina Sloth Grindland, Kommunedirektør, 480 08 006
Arbeidssted
Sarvsvegen 14
4754 Bykle
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Bykle kommune
Referansenr.:4429905169
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2021
Om bedriften
Bykle kommune har om lag 970 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommar) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter. Barnehagen, skulen og SFO er godt utbygd. Vi har og vidaregåande skule. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter, med mellom anna godt utbygde anlegg vintersportsenteret Hovden.