H-2 Jordmor 85% st fast v/Helsestasjon/skulehelsetenesta
Vi søkjer
Antall stillingar: 1
Stillingsprosent: 85% stilling
Tilsetjingsform: Fast
Tiltreding: Frå 01.06.2020
Arbeidstid: 37,5 t/veke
Vil du vere med og utvikle jordmortenesta i Tysvær?
Beskrivelse av avdeling
Tilsetjing skjer med Tysvær kommmune som arbeidsgivar, men stillinga er for tida plassert i resultatområdet Oppvekst og Kultur med arbeidsstad i Helsestasjon/skulehelsetenesta.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging av gravide i svangerskap.
Oppfølging av kvinner og nyfødte etter fødsel.
Jobbe målretta og førebyggjande.
Fokus på gravide sine levevanar og samtalar i høve forventningar for å gje dei gravide og deira partnarar ein betre og meir
førebudd start saman med barnet.
Jordmor skal jobbe for å møte dei nye Nasjonale Faglege Retningslinjene for barselomsorgen: "Nytt liv og trygg barseltid for familien, med fokus på samanhengande svangerskap, fødsels- og barselsomsorg". Dei peikar på fem innsatsområde; heilskapeleg svangerskapsomsorg, trygt fødetilbod, familievenleg barseltilbod, kvalitet i alle ledd og eit breitt brukarperspektiv. Foreldrerettleiing.
Svangerskapskurs.
LARC arbeid og celleprøvetaking.
Tenesta nyttar HsPro fagsystem.
Krav til kompetanse
Autorisert jordmor.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
I konsultasjonane trengs sjølvstendighet, fagleg og personleg trygghet, åpenhet og god evne til kommunikasjon med brukarane.
I personalgruppa trengs evne til tett og forpliktande lagsamarbeid, samt både struktur og fleksibilitet.
Til innovativ helseteneste trengs evne og lyst til nytenking, omstilling, problemløysing og utvikling.
Vi tilbyr
Eit meinigsfylt arbeid med gode utviklingsmoglegheiter.
Arbeidsplass med fokus på godt arbeidsmiljø.
God opplæring. Rettleiing og oppfølging på jobben av leiar og kollegaer.
Generelt for stillinga:
Stillinga er 85% fast.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av lovar, reglar og tariffavtale.
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga og krav om godkjend politiattest av ny dato.
Søkjar må ha førarkort på bil og kunne disponere eigen bil i tenesta.
Tilfredsstillande tuberkulintest må ein vise om ein har vore minst 3 månader i land med høg førekomst av tuberkulose.
Løn etter gjeldande avtale og regelverk.
Slik søkjer du
Søkjarar må søkje elektronisk via søknadsportalen.
Ved behov kan Servicetorget rettleie deg i søknadsprosessen. Servicetorget når du på telefon 52 75 70 00
Kopiar av vitnemål og attestar tar du med deg dersom du skal møte til intervju. Desse blir dessverre ikkje returnerte.
Politiattest skal heller ikkje leggjast ved søknaden din. Godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månader ,må
liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar tiltrer stillinga. Det vert teke atterhald om at merknadar på
politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Spørsmål kring stillinga kan rettast til seksjonsleiar Kjerstin W. Hagland.
Om bedriften
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta