Sosialpedagogisk team - skule
Org. nr: 944233199 Stillingsident: 4186980344 Presentasjon av stillingen:
Me ynskjer å rigga eit nytt "Dream-team" kring ein elev som treng ekstra tett oppfylgjing.
Me planlegg å rigga eit tverrfagleg team kring elev i grunnskulen, og søkjer etter fagpersonar som har kompetanse og lyst til å arbeida i dette teamet. Skuletilbodet vert lagt opp som ein aktivitetsskule med riding, bading, musikkopplevingar, turar og andre gode læringsaktivitetar. Eleven får opplæring i språk og ADL-ferdigheiter, i stor grad på alternativ opplæringsarena utanfor klassen. Alternativ kommunikasjon og meistring er grunnlaget for læring og regulering av åtferd. Difor er det eit overordna mål å forstå eleven sine uttrykk/åtferd slik at eleven kjenner seg forstått og trygg. Når eleven har det godt, er det raust med smil og glede. Når eleven er frustrert, kan det vera sterke kjensler og sinne. Med i teamet vert også musikkterapeut og lærar/spesialpedagog.
Verkar dette arbeidsområdet lystbetont for deg? Ring oss gjerne for meir informasjon og kva skule det gjeld.
Me treng 2-3 fagpersonar som arbeider i 50-60 % stilling kvar i 2 år.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja og gjennomføra læringsaktivitetar/ meistringsaktivitetar
- Planleggja og gjennomføra trygg og god skuledag
- Dagleg oppfylgjing og tilrettelegging kring eleven
- Oppfylgjing av læremål
- Oppfylgjing av dei spesialpedagogiske og sosialpedagogiske måla for eleven (IOP/IP)
- Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med føresette
Kvalifikasjonar
Me er ute etter eit team på 2-3 fagpersonarmed samansett utdanningsbakgrunn, som t.d:
- Høgskuleutdanna vernepleiar, spesialpedagog/ barnehagelærar og/eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Erfaring frå arbeid med born/unge med nedsett funksjonsevne
- Erfaring med elevar som har utagerande uttrykk og samansette vanskar
Personlege eigenskapar
- Trygg og tolmodig fagperson
- Evnar å skapa glede og meistring
- Kreativ
- Positiv livsinnstilling og varm utstråling: "Eg likar deg"
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Beate Gauden, Leiar barnehage og skule, 905 91 182
Arbeidsstad
Grovagjelet 16
5600 Norheimsund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Kvam herad
Referansenr.:4186980344
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 12.08.2020
Sluttdato: 17.06.2022
Søknadsfrist: 10.03.2020
Om bedriften
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular . Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt <>. Her kan du oppleva <>, handlegate, strandveg og bystrand. Les meir