Ledig fastlegeheimel ved Myrvåg legesenter
Org. nr: - Stillingsident: 4435630434 Presentasjon av stillingen:
- gongs utlysing.
Heimelen er ledig frå 29.12.21
Herøy kommune har i tillegg til Myrvåg legesenter, to legekontor: Gruppepraksis ved Herøy legesenter (6-7 legar) og nyoppstarta solopraksis i Fosnavåg helsehus, begge på Bergsøya.
Ved Myrvåg legesenter er det fire fastlegeheimlar og ei stilling for LIS1-lege. To av legane er spesialistar i allmennmedisin, og den tredje får slik godkjenning snart. Myrvåg legesenter er lokalisert i same bygg som Myrvåg fysioterapi og det er godt og tett samarbeid mellom desse to tenestetilboda
Den ledige heimelen har eit listetak på 800 pasientar. Listetaket kan aukast om ønskeleg. Kommunen har nyleg vedtatt legeplan og i denne er rammene for eit årsverk sett til 800 - 1000 listepasientar
Kommunen har hatt rekrutteringsutfordringar i delar av legetenesta, men er no i gang med eit planmessig rekrutteringsarbeid basert på plan for legetenesta, noko som vi ser ut til å lukkast godt med. Ved Myrvåg legesenter har legesituasjonen vore stabilt over tid.
Du finn den nyleg vedtekne planen her: https://www.heroy.kommune.no/_f/p36/ib50c52c9-55f7-44ef-b5a6-be91c27db86a/legeplan-retta-versjon.pdf
Du kan velge mellom fast løn eller næringsdrift (8.2-avtalar). Vi tilbyr gunstige ALIS-avtalar for deg som har gjennomført LIS1, har ønske om å starte spesialisering i allmennmedisin, eller ønsker å prøve ut fastlegearbeid i minimum eit år.
Kommunen har sidan 1.juni hatt legevaktsamarbeid med Søre Sunnmøre legevakt på kveld/helg/natt.
Volda sjukehus er lokalsjukehuset vårt og ligg 30 km frå Myrvåg legesenter.
Kostnadar ved overtaking er regulert i ASA 4310 pkt. 5.6/5.6a og er ein avtale mellom fråtredande og overtakande legar. Dette er kommunen uvedkomande. Legen som sluttar har signalisert til kommunen at kostnad ved overtaking vil vere lav.
Arbeidsoppgåver
Vanlege fastlegeoppgåver.
Det er pr. i dag ikkje knytt allmennlegeoppgåver til heimelen, men dette kan bli aktuelt, og det kan også vere ei moglegheit for dei som ønsker det. Særleg aktuelt er sjukeheimslegeoppgåver og helsestasjonsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- du må oppfylle vilkår i Forskrift om kompetansekrav for leger
- du må gjerne vere spesialist i allmennmedisin eller vere i slik spesialisering
- det er ein fordel at du har erfaring som fastlege, men ikkje eit krav
- du må kunne ta ansvar for veiledning og/eller supervisjon av LIS-legar (LIS1 og ALIS) dersom du har kompetansen til dette
- du må ønske å bidra til å bygge opp eit fagleg, kollegialt fellesskap både på eige legesenter og i legetenesta i kommunen
Politiattest må leggjast fram før oppstart
Personlege eigenskapar
- du likar eller har ønske om å vere fastlege
- det er naturleg for deg å møte innbyggjarane som einskildindivid slik du sjølv ønsker å bli møtt når du er sjuk og treng legehjelp
- du samarbeider godt med andre og ønsker å vere ein del av eit større kollegium som stiller opp for og støttar kvarandre, og som utviklar den samla legetenesta i kommunen
- du ser viktigheita av å samarbeide med andre tenester og deltek i samarbeid for å gi samla og koordinerte tenester for pasientar som treng det
- du har godt og jamt humør, og du er fleksibel
Vi tilbyr
- Valg mellom næringsdrift eller konkurransedyktig fast løn
- Gode lokale/utstyr
- Hjelpepersonell med lang erfaring
- Framtidsretta og godt organisert legevakt med om lag 35-delt vakt, som gir vakt om lag kvar 12. døgn fordelt på kveldsvakt, dagvakt helg og nattevakter
- Vi vil legge til rette for at spesialisering i allmennmedisin kan gjennomførast
- ALIS-avtalar for dei som er i ny spesialistordning
- 8.2-avtalar der kommunen dekker ein del av kostnadane
- Du får vere med på å bestemme listelengde. I legeplanen er 800 -1000 listepasientar vurdert til å tilsvare eit årsverk
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover å reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Runa Bakke, Avdelingsleiar, 91621147
Arbeidsstad
Dragsundvegen 11
6080 Gurskøy
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4435630434
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.10.2021
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Saman med kommunane Ulstein, Hareid, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda utgjer vi 50.000 innbyggjarar. Herøy kommune har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Arbeidsmarknaden er stor og variert, der dei maritime næringane har lange tradisjonar. Regionen har også anna industri og offentlege arbeidsplassar som sjukehus og høgskular. Herøy kommune er særleg kjend for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Med kort veg til fjell og fjøre, gjev dette eit naturleg grunnlag for aktivitetar både på sjø og land. Vi har eit breitt kultur-, fritid- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!