RADIOLOG - Radiologi Molde og Kristiansund-legar
**Klinikk for diagnostikk, Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund.
Det er ledig 100% fast stilling for radiolog ved Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund, Seksjon for legar, frå 01.08.2019. Arbeidsstad p.t.: Kristiansund Vi søker etter ein radiolog med brei erfaring innan generell radiologi, CT og UL. Erfaring med MR vil vere ein fordel. Vaktordning vil bli vurdert i samråd med søker. Radiologisk døgnvakt er lokalisert til Molde sjukehus.
Seksjon Legar radiologi Molde og Kristiansund har per i dag 8 LIS og 10 overlegar. Det er tilsett i alle stillingane. Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund er ei av fem avdelingar i Klinikk for diagnostikk. Klinikk for Diagnostikk omfattar billeddiagnostikk og alle laboratoriefaga.
Seksjon Kristiansund utfører MR, CT, Ultralyd og Digital røntgen.
- Vi har: 2 Digitale rtg labar
- 1 Gjennomlysningslab
- 1 Ultralyd
- 1 MR
- 1 CT
- 1 DXA
Helse Møre og Romsdal er digitalisert med Sectra RIS/PACS (i 2003) og har eit regionalt samarbeid med Helse Midt-Norge.
Seksjonen har eit trivelig og godt arbeidsmiljø med tverrfaglig samarbeid med dei kliniske avdelingane.
Sjukehuset er kjent for sin gode ortopediske avdeling, som har eit godt samarbeid med St. Olavs Hospital. Sjukehuset har også urologi, indremedisin og barneavdeling.
Kristiansund er ein by med 24.000 innbyggarar og er kjend for si årlige operaveke, og har eit variert musikkliv. Gode turmuligheiter ved sjø og på fjellet i naturskjønne omgivnader. Aktivitetar som fiske, friluftsliv, treningssenter, badeland (Atlanterhavsbadet) og ishall er noko av det du kan velge imellom og det er kort vei til Atlanterhavsveien. Byen kan tilby flyforbindingar til bl.a. Oslo og Bergen, hurtigbåt til Trondheim. Mer info om Kristiansund finnast på http://www.kristiansund.no **
Arbeidsoppgåver
- Delta i daglig drift på alle modalitetar
- Undervisning via skype, vekentlig
- 1 - 2 dagar per månad til stades ved seksjonen i Molde.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege og norsk spesialistutdanning innan radiologi
- Den som vert tilsett må meistre norsk språk munnleg og skriftleg
- Blankett for søknad på legestilling må leverast.
Personlege Eigenskapar
- Evne til å samarbeide, vilje og evne til omstilling og interesse for vidareutvikling
- Evne til å tenke heilheitlig, kunne prioritere, velge bort og halde fokus
- Handlekraftig, initiativrik og sjølvstendig
- Systematisk, mål- og resultatorientert
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling med varierte oppgåver i eit helseføretak og avdeling i utvikling.
- Tilrettelegging for personlig og faglig vidareutvikling.
- Gode kurs- og permisjonstilhøve.
- Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Odd Arne Haram, Avdelingssjef, (+47) 41422916, Odd.Arne.Haram@helse-mr.no
Martin Grotnes, Seksjonsleiar, (+47) 97691182, Martin.Grotnes@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kristiansund N
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Møre og Romsdal HF
Ref. nr.:2019/1278
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4030325001&company_id=3638658339&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere 'På lag med deg for helsa di'. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.