Informasjons- og servicekonsulent
Org. nr: 939461450 Stillingsident: 4224094845 Presentasjon av stillingen:
I Ørsta kommune er det frå 15.06.2020 ledig IOO % vikariat som informasjons- og servicekonsulent fram til 20.03.21. Stillinga er f.t. knytt til service- og
informasjon som er ein del av rådmannen sin stab. Stillinga vil ha kontorplassering ved servicekontoret.
Arbeidsoppgåver
Servicekontoret er Ørsta kommune sitt møte med omverda og har m.a. ansvar for informasjonsarbeid, heimeside, kundemottak, post- og journalføring og sentralarkivet for rådhuset. Gode kommunikasjonsevner i det direkte møtet med brukarane våre og kunnskap om offentleg forvaltning er difor viktig.
Arbeidssituasjonen vil gi positive utfordringar, krevje mykje, vere kompleks og spanande.
- ekstern og intern kommunikasjon
- informasjon og oppdatering via kommunen si heimeside og sosiale media
- å skrive artiklar og pressemeldingar på vegne av kommunen
- ordinært arbeid i mottaket
- eksakt oppgåveinnhald vil kunne variere i samsvar med behova i organisasjonen
Kvalifikasjonar
- høgare utdanning innan kommunikasjon og mediefaget
- gode framstillingsevner, både skriftleg og munnleg. Kommunen nyttar nynorsk som målform, og den som vert tilsett må ha ei god og rett språkføring
- erfaring med elektroniske nettverk, databasar og publiseringsverktøy
Personlege eigenskapar
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- evne til å arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
- evne til å vere kreativ og finne gode løysingar
- ei fleksibel og serviceinnstilt haldning
- evne og motivasjon til å handtere fleire oppgåver og saksområde samstundes
- evne til å vere stabil i stillinga og god yteevne
- evne til å handtere og nytte elektroniske verkty
Vi tilbyr
- Utfordrande og variert arbeidskvardag
- Gode kollegaer
- Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
Stillinga er plassert i HTA kap. 4.2 -stillingar med krav om min. 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 6569 konsulent
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Ved intervju og ved tilsetjing skal det leggjast fram rettkjend dokumentasjon av vitnemål og attestar.
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Her kan du lese meir om heiltidskultur i Ørsta kommune.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Sæbønes, Leiar service- og informasjon, 916 85 027, elisabeth.sabones@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 6
6150 Ørsta
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ørsta kommune
Referansenr.:4224094845
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 15.06.2020
Sluttdato: 20.03.2021
Søknadsfrist: 03.05.2020
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap