SERVICESENTER MEDARBEIDAR
Stillingsannonsen er inaktiv.Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Strandavegen 15, 6900 Florø
HAR DU ØNSKE OM Å ARBEIDE MED MENNESKE, SERVICE OG KOMMUNIKASJON? DÅ KAN DU VERE DEN VI TRENG TIL TEAMET VÅRT!
Ein av våre dyktige medarbeidarar tar snart fatt på pensjonisttilværelsen og vi søkjer difor etter ein kollega til vårt servicesenter ved hovudkontoret i Florø. Fjord1 sitt servicesenter er på mange måtar hjarte i selskapet, og eit viktig bindeledd innad i bedrifta og ut mot våre kundar.
Servicesenteret har i dag mange og varierte oppgåver slik som kundehandsaming, kommunikasjon internt og eksternt, velferd, planlegging og koordinering av kurs, arrangement og konferansar, kantinedrift, marknads og kundeundersøkingar, sponsorat og gåver. Vi ynskjer å ytterlegare styrke vår satsing på digital marknadsføring og kommunikasjon, og det vil være ein klar fordel om du har kunnskap og erfaring på dette området.
I denne spennande og utfordrande stillinga vil du bli del av eit team på 7 dyktige og kjekke kollegaer som brenner for å yte god støtte og service til kundar og tilsette. Som person evnar du å ta ansvar og vise interesse for kundens behov og utfordringar, og er utprega serviceorientert og har evne til å kommunisere tydeleg og blir motivert av å skape gode resultat, både individuelt og for selskapet.
Vårt servicesenter er i utvikling og vi vil gjerne ha deg som kan utfordre oss, sjå effektive løysingar og nye måtar å arbeide på, samt bidra med å sette dagsorden for vidare retning.
Arbeidsoppgåver
- Betjene kunde og leverandør henvendelser per telefon og e-post
- Resepsjonstjenester
- Planlegge og koordinere ulike arrangement og samlingar
- Avlaste og støtte resten av organisasjonen etter behov
- Bidra inn i kommunikasjonsarbeidet og -utviklinga på SoMe, intranett etc.
- Diverse andre administrative oppgåver som ligger til Servicesenteret
- Registering av sak/arkiv inkl. elektronisk arkivering
Ønska kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med relevant høgare utdanning
- Erfaring og kunnskap i bruk av IT-verktøy
- Erfaring med kundebehandling og service
- God innsikt i ulike SoMe-kanalar og digital marknadsføring er ein fordel
- Gode kommunikasjonsegenskaper skriftleg og muntleg
- Gode norskkunnskaper skriftleg og muntleg er eit krav
Personlege eigenskapar
- Strukturert og systematisk arbeidsform
- Du har kunden i fokus
- Proaktiv, resultatorientert og fleksibel
- Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team
- Evne til å skape gode relasjonar med våre kundar og medarbeidarar
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og sjølvstendig stilling
- Muligheit for å lære, vekse og utvikle seg
- Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
- Fleksible arbeidsordningar
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Flotte nyoppussa lokaler sentralt i Florø
Kontaktinformasjon
Heidi Skorpen, Leiar servicesenter, 97103276, heidi.skorpen@fjord1.noMalin Steinset, HR Rådgjevar, 47393997, malin.steinset@fjord1.no
Arbeidsstad
Strandavegen 156900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fjord1 ASReferansenr.:4541430797
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Hjemmeside
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Om stillingen
Stillingstittel
Servicesenter medarbeidar
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Privat
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 1. august 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: 61f568f4834e4fc28295ea0835154cbd
Stillingsnummer: 4fc76b3d-7ff4-45eb-93bb-ca3e77d7fb4f