Lærarar på ungdomstrinnet - fast stilling og vikariat
Org.nr.:864 968 422 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Fjaler Ungdomsskule - ein trygg, lærande og inkluderande skule der alle trivst.
Vi har ledig ei fast stilling som lærar, i tillegg til minst eitt vikariat for skuleåret 2019/20. Alle tilsetjingane er i 100 % stilling med start 1. august 2019.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærar 5.-10. eller andre med godkjend pedagogisk utdanning
- Undervisningskompetanse i spansk (30 studiepoeng) er eit krav i den faste stillinga
- Det er elles ønskjeleg med undervisningskompetanse i norsk (60 studiepoeng) og engelsk (60 studiepoeng)
- Andre fagønskje er mat og helse
- Vi ser gjerne at søkjarar har erfaring frå nye varierte arbeidsmetodar og skuleutvikling
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Evne til å planlegge, gjennomføre og vurdere ulike opplæringstilbod for elevane
- Vere ein klår og tydeleg klasseleiar
- Gode samarbeidevner, vere initiativrik og fleksibel
- Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samstundes ha eit godt humør
Vi tilbyr
- Løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
- Eventuelle kontaktlærarar får kontaktlærartillegg på kroner 26 000 per år
- Redusert undervisningsplikt og mentorordning for nyutdanna
- Noregs beste pensjonsordning i SPK
- Godt arbeidsmiljø og hyggelege kollegaer
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Ola Sande , Tlf: +47 57738071, Mobil +47 91335719, Epost: ola.sande@fjaler.kommune.no
Om bedriften
Ved Fjaler ungdomsskule arbeider vi for eit læringsmiljø som sikrar:
- tilpassa opplæring for alle, med god balanse mellom utfordring og meistring
- høg fagleg kvalitet, som grunnlag for personleg vekst og vidare skulegong
Vi legg til rette for utvikling av:
- tryggleik, trivsel og medverknad
- lærelyst, kreativitet og kritisk sans
- samarbeid, personleg ansvar og god takt og tone
- godt samarbeid med heimen
Fjaler ungdomsskule har:
- nulltoleranse for mobbing, vald og rasisme