Undervisningsstillingar
Org. nr: - Stillingsident: 4217526657 Presentasjon av stillingen:
Sunnylven skule ligg på tettstaden Hellesylt i Stranda kommune. Skulen er ein 1. -- 10. skule med SFO ordning og har frå hausten 68 elevar.
Vi søkjer lærarar med relevant fagleg- og pedagogisk utdanning med minst 30 studiepoeng i to av faga engelsk, norsk eller matematikk.
Vi har ledig:
-
22% fast stilling er ledig frå 01.08.2020
-
Vikariat i 100% stilling er ledig frå 07.09.2020 - 30.04.2021
-
Vikariat i inntil 178% stilling er ledig frå 1.8.2020 til 31.07.2021.
Vi ber om at det går klart fram av søknaden om den gjeld fast stilling, vikariat eller begge deler og kva undervisningskompetanse søkjar har.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på Søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.]f. Offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Formell undervisningskompetanse og minst 30 sp i faga engelsk, norsk eller matematikk
- Erfaring i bruk av digitale verktøy
- Beherskar norsk skriflteg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel
- Gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt samarbeidsmiljø, både i forhold til elevar og tilsette
- Kunnskap om og erfaring med god klasseleiing
- Erfaring med vurdering, formell og uformell
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt og oppegåande fagleg og sosialt miljø mellom dei tilsette
- Ivrige og trivelege elevar
- Du får vere med påverke din eigen arbeidskvardag, fagleg og sosialt
Kontaktinformasjon
Roar Seljeset, Rektor, 46411124
Arbeidsstad
Øyna 13
6200 Stranda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stranda kommune
Referansenr.:4217526657
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2020
Sluttdato: 31.07.2021
Søknadsfrist: 14.04.2020
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir