100 % fast stilling som sjukepleiar - ressursenhet Pleie og omsorgstenesta
Stillingsannonsen er inaktiv.Nord-Fron kommune
Sundheim Bo- og Treningssenter
Beskrivelse
Ressursenheten er underlagt tenesteområde Pleie og omsorgstenesta som er lokalisert på Sundheim Bo- og Treningssenter. Stillinga skal fungere som "fast vikar", for å dekke planlagt og uforutsett fråver innafor tenesteområdet pleie og omsorgstenesta. Som tilsett får du fast stilling og inngår i ein turnus med dag og kveldsvakter, og helgevakter kvar tredje helg. I tillegg får du ei ekstra helg på 12 veker. For dette utbetales ein kompensasjon / personleg lønstillegg på kr. 10 000 pr. år. Turnusen vil være forutsigbar, men arbeidsstad vil variere mellom avdelingane etter behov. For periodar kan det være aktuelt å vikariere på natt.
Ved ressursenheten er det ledig følgjande stilling som sjukepleiar:
100 % fast stilling er ledig frå d.d.
Er du på utkikk etter nye utfordringar ved ein spennande arbeidsplass med ungt og godt miljø? Ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på og send oss ein søknad.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver som sjukepleiar ved tenesteområde Pleie og omsorgstenester.
Kvalifikasjonar
- Autoriasjon som sjukepleiar.
- Søkjarar må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og evne til å ta imot raske beskjeder.
- Evne til å takle høgt arbeidstempo og uforutsette situasjonar.
- Høg omsorgsevne og glad i å jobbe rundt og med menneskjer.
- God mellommenneskeleg forståelse og tilnærming i møte med folk.
- Sjølvstendig, strukturert og gode samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar for stillinga vil bli tillagt stor vekt.
Vi kan tilby
- Fast stilling i ein framoverlent kommune med fokus på økonomistyring, dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Utviklingsmoglegheiter tilpassa deg og dine ambisjonar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Konkurransedyktig løn.
- Hjelp med å finne bustad.
- Flyttegodtgjersle.
- Barnehageplassgaranti.
Føresetnader / vilkår
- Politiattest av nyare dato er kravd for stillinga.
- Førarkort klasse B.
- Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
- Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon.
Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Nord-Fron kommune
Adresse
Sundheimsvegen 30, 2640 Vinstra
Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 900 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 14 000 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 26. januar 2021
Hentet fra: Nord-Fron kommune
Referanse: enterprise.nord-fron.kommune.no/recruitment/opening?1?721/2021
Stillingsnummer: 4f61d090-e3f4-49a5-92e1-f2ed797536c6