Fleire ledige stillingar som helsefagarbeidar
Org. nr: - Stillingsident: 4466072466 Presentasjon av stillingen:
Pleie- og omsorgseininga i Bygland kommune har fleire ledige stillingar som helsefagarbeidar, både fast og vikariat. Vi søkjer difor etter fleire dyktige medarbeidarar som kan bidra til å styrke vårt team av dyktige tilsette. Arbeidsstad er f.t. Byglandsheimen og open omsorg/habilitering
Vi har ledig fylgjande stillingar:
-
Fleire vikariat på 30-60 % st., tredelt turnusvilkår med arbeid kvar 2. og 3. helg.
-
Fleire faste helgestillingar på omlag 20-24 % st
For ytterlegare opplysningar om stillingane kontakt fagsjukepleiar Marthe Homme på tlf.: 908 15 191eller epost: marthe.homme@bygland.kommune.no
Ein gjer merksam på at fast tilsette i kommunen kan ha førerett til stillingane
Arbeidsoppgåver
- Pleie- og omsorgsoppgåver for brukarar i eininga.
- Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid.
- Oppfølging av tiltaksplaner.
- Dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar eller tilsvarande er ønskjeleg, men søkjarar under utdanning kan og søke.
- Beherske norsk språk både skriftleg og munnleg.
- Gyldig politiattest må kunne leggjast fram (ikkje eldre enn 3 månadar).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner - er flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team.
- Opptre sjølvstendig og er initiativrik - er fleksibel, ser kva som må gjerast og får det gjort.
- Er utviklings- og løysingsorientert, ryddig og kvalitetsbevisst.
- God kjennskap til bruk av IKT i arbeidet.
- God til å formidle både skriftleg og munnleg.
- Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Løn jamfør sentral tariffavtale.
- Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter.
- Meiningsfylte oppgåver i samarbeid med trivelege og kompetente medarbeidarar.
- God påverknad på eigen turnus/arbeidsplan.
- Avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).
- Bedriftsavtale med Sørlandsparken Tverrfagleg Helse
- Medlemskap i KLP.
- Vilkår elles i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og regulativ.
Kontaktinformasjon
Leif Sigurd Helle, Tenesteleiar pleie og omsorg, 95052813
Arbeidssted
Sentrum 18
4745 Bygland
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Bygland Kommune
Referansenr.:4466072466
Stillingsprosent: 0%
Søknadsfrist: 19.01.2022
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar -- stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.