HR- Direktør
Vår noverande HR-direktør skal pensjonere seg, og vi søker derfor etter ny HR-direktør i 100% stilling.
Kleven Verft AS er inne i ei spanande tid med ein ny eigar og gode framtidsutsikter. Vi ønsker ein HR-direktør som skal hjelpe oss med å halde stødig kurs for dei tilsette og organisasjonen. HR-direktøren skal leie ei HR-avdeling med tre tilsette. I tillegg har HR-direktøren overordna ansvar for våre 200 tilsette, fordelt på mange fagdisiplinar innan administrasjon og produksjon, og er rådgjevar for øvrige Kleven-selskap. Arbeidsoppgåvene på verftet er varierte, vi treng derfor ein HR-direktør som er fleksibel og positiv, samt har evne til å sette seg fort inn i nye oppgåver. Stillinga rapporterer til administrerande direktør.
Hovudoppgåver og ansvar:
Organisasjonsutvikling
Lønnsforhandlingar
Rekruttering og permittering
Konflikthandtering og personalsaker
Delta aktivt i integreringsprosessen med vår nye kroatiske eigar DIV Group
Kven ser vi etter?
Vi treng ein erfaren, stødig, kunnskapsrik og omsorgsfull leiar, som kan stå fagleg og mellommenneskeleg trygt i alle situasjonar.
Ønska kvalifikasjonar:
Vere sterk i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
Høgare utdanning, og det er ønskeleg med 5 års erfaring innan personalleiing
God kompetanse frå relevant lov- og avtaleverk, samt ulike tariffområde
Erfaring med å forhandle og samarbeide med fagforeiningar
Vi forventar at du:
Jobbar sjølvstendig, strukturert og effektivt
Har gode samarbeidsevne
Involverar, motiverar og utfordrar dine medarbeidarar
Skapar gode relasjonar på alle nivå i organisasjonen
Vi tilbyr:
Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
Ei sentral stilling med stor påverkingskraft
Moglegheit til å jobbe med trivelege og fagleg dyktige kollegaer på tvers av ulike avdelingar i heile organisasjonen
Godt og inkluderande arbeidsmiljø
Spanande og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar
For den rette personen trur vi at dette er ei stilling som vil vere motiverande i seg sjølv. Her er det store moglegheiter for å utvikle eigen kompetanse, og til å gjere grep som kan gjere ein forskjell for organisasjonen på kort og lang sikt. Arbeidsmiljøet er godt, og det gir mykje tilbake til ein engasjert leiar. Vi håpar vi vil vere ein attraktiv arbeidsplass for vår nye HR-direktør.
Nøkkelopplysningar:
Hovudarbeidsstad er Kleven Verft i Ulsteinvik og stillinga er 100%. Ein del reiseverksemd høyrer med til stillinga. Er du interessert? Då vil vi gjerne at du tek kontakt for fleire opplysningar:
HR-direktør Magne Gurskevik, tlf: 915 96 104, e-post: magne.gurskevik@kleven.no
Administrerande direktør Kjetil Bollestad, tlf. 481 67 809, e-post: kjetil.bollestad@kleven.no
Søknadsfrist: 7. juni 2020
Send søknad med CV til: kleven-hr@kleven.no
Om bedriften
Kleven Verft i Ulsteinvik har røter tilbake til 1944 og har over fleire tiår bygd store, avanserte fartøy i fleire segment. Kjerneverdien til Kleven er "Vi skal gjere godt arbeid, og vere til å stole på". Verftet er spesialisert på å bygge cruiseskip på høgt nivå, og har god erfaring også med andre typer skip. Av alle verft i Norge har Kleven størst grad av robotstålproduksjon og modul-skipsbygging. Vi har dyktige og erfarne skipsbyggarar på alle nivå med kunnskap i verdsklasse, og derfor er dei tilsette vår viktigaste ressurs og verdi. Kleven Verft AS er eigd av kroatiske DIV Group, som også eig vårt samarbeids- og søsterverft Brodosplit. Vi har om lag 200 tilsette i Kleven Verft AS, og om lag 230 tilsette i vårt underselskap Kleven Maritime Contracting (KMC), samt 5 tilsette i Kleven Maritime Technology (KMT).
Kleven Verft ligg i Ulstein kommune midt mellom sunnmørsalpane og havet. Likar du å gå på fjellet, gå på ski, eller å bruke sjøen? Her får du alt! Tilgangen til natur- og friluftsaktivitetar er veldig god i vårt nærområde. I tillegg har vi eit velorganisert idretts- og kulturliv i regionen. Verftet ligg sentralt til med gode pendlarmoglegheiter.
Les meir om oss her: www.kleven.no