Teknisk sjef
Stillinga som teknisk sjef er ei nyoppretta stilling ved verftet og vil innehalde både operativt og strategisk ansvar. Teknisk sjef rapporterer til dagleg leiar og er med i leiargruppa. Stillinga inneheld personalansvar for om lag 10 medarbeidarar.
Hovudoppgåver og ansvar:
Fagleg ansvarleg for kontrakt med design- og engineeringselskap
Fagleg ansvarleg for teknisk underlag til både nybyggings-prosjekt og ettermarknadsoppdrag
Gje god teknisk støtte i salgsarbeid, i prosjektgjennomføring og til produksjonsorganisasjonen. Vere sparringspartner internt og eksternt for å finne dei gode løysingane i tekniske spørsmål
Sikre god og løpande kontakt med designselskap, utstyrsleverandørar, klasseselskap og myndigheiter
Utvikle framtidsretta arbeidsmetodar og system
Utvikle verftet si samla tekniske kompetanse, samt sikre rett rekruttering
Kompetanse:
Ingeniør/sivilingeniør
Solid erfaring frå skipsbygging, designselskap eller anna relevant teknisk arbeid
God kjennskap til regelverk innan klasse/myndigheiter
Erfaring og nettverk frå maritim bransje
Leiarerfaring, både fagleg og personalmessig
Kommunisere godt på engelsk og norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
Løysingsorientert
Skaper tillit og er god til å bygge relasjonar
Arbeidar systematisk og målretta
Stor arbeidskapasitet og sterk driv
Arbeidsstad er Myklebust Verft i Gursken. Noko reiseverksemd må påreknast i denne stillinga.
100%-stilling.
For meir informasjon om stillingane kan du ta kontakt med:
Dagleg leiar Inge-Jonny Hide, tlf. 91199579
Rådgjevar Kathrine Holstad, tlf. 92030036
Søknadsfrist 8. april 2019
Om bedriften
Etter over 100 års drift, har Myklebust Verft lang og solid erfaring både innan nybygg og service, reparasjon og ombygging av fartøy. Vi tilbyr fasilitetar for dokking opp til 15.000 tonn - til dømes subsea konstruksjonsfartøy, ankerhandterarar, seismikkfartøy, brønnbåtar og fiskefartøy. Det at våre tilsette både utfører serviceoppdrag og samstundes byggjer nye fartøy gjev oss ei unik kompetanse som kjem kundane våre tilgode.