Institusjonskokk
Pleie og omsorg, Fyresdal kommune
Prærien 23, 3870 Fyresdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Institusjonskokk
Oppstart
6. januar 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. desember
Som institusjonskokk vil du stå for det daglege arbeidet i kjøkkenet, du vil vere med å produsere store mengder mat kvar dag, med vanleg kost og spesialkost. Det er stor vekt på og krav om god hygiene frå start til ferdig produkt. Som institusjonskokk vil du vere med på å skape mattrivsel og positive opplevingar i kvardagen hjå brukarane i Fyresdal.
Fyresdal pleie- og omsorgssenter (POS) har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar, samt 1 ØHD-plass. Hos oss skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med «Leve hele livet»-reforma og kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga.
Kjøkkenet som høyrer til på POS har 3,64 årsverk og har som målsetting å lage mest mogleg heimelaga mat og tilpasse kosten til brukarens behov. Vi lagar også mat til heimebuande eldre.
Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode! Vi ynskjer DEG med på det laget.
Arbeidsoppgåver
Stillinga som kokk inneber å tilberede matrettar og måltid, planlegging av kost og diettar, anrette matrettane, internkontroll mat, bestilling av matvarer, ansvar for opplæring og tilrettelegging.Kvalifikasjonar
- Fagbrev som institusjonskokk
- Under utdanning som institusjonskokk
Personlege eigenskapar
- Inneha interesse for matlaging, diettar og kosthald
- Du må like å jobbe med menneske ved servering av måltid
- Du må vere effektiv, nøyaktig og kreativ
- Kunne jobbe sjølvstendig og ha stort ansvar
- Gode samarbeidsevner
- Store krav til personleg hygiene
- Er utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
- Likar utfordringar
- Har gode digitale ferdigheiter
- Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Årsturnus, dagtid med 3. kvar helg
- Kommunale vilkår, inkludert god pensjonsordning
- Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk
- Rask behandling av barnehage- og SFO-plass
- Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest av ny dato
- Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve
Kontaktinformasjon
Gry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +47 35067188, gry.bergland@fyresdal.kommune.noArbeidssted
Prærien 233870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 4886044805
Stillingsprosent: 30%
Fast
Startdato: 06.01.2025
Søknadsfrist: 02.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2793392
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e3239b8af28642809b231929b8ed39c8